Malala ber Fifa anerkjenna det afghanske kvinnelandslaget i fotball
Fredsprisvinnar Malala Yousafzai og den afghanske fotballspelaren Khalida Popal ber det internasjonale fotballforbudet anerkjenna det afghanske kvinnelandslaget som lever i eksil etter Taliban tok over makta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utan formell godkjenning frå Fifa kan ikkje laget representera landet sitt, delta i profesjonelle kampar eller få midlane dei treng for å støtta spelarar og stab.
Det skriv Malala Yousafzai og Khalida Popal i eit innlegg på britiske The Guardian.
Kvinnelandslag på flukt
Fredsprisvinnar Yousafzai vart verdskjend då ho vart skoten av Taliban for sitt engasjement for jenter sin rett til utdanning i heimlandet Pakistan.
Popal er ein afghansk fotballspelar og regissør som har vore kaptein på det afghanske kvinnelandslaget og leiar for den afghanske fotballkomiteen for kvinner.
Det afghanske kvinnelandslaget og trenarane deira har vore på flukt sidan Taliban tok over kontrollen over det krigsråka landet i august 2021.
Idrettsutøvarane og støtteapparatet deira frykta at dei kunne bli arrestert eller drepne fordi dei var ein del av kvinnelandslaget i fotball.
Landslag i Australia
No ber Yousafzai og Popal fotballen senda ein beskjed til Taliban om at kvinner høyrer heime både i arbeidslivet, klasserom og på fotballbana.
Aktivistane peikar på at Taliban ikkje berre forbyr kvinner å driva med sport, men har stengt jenter ute frå skulane i over eitt år og nyleg kasta kvinnelege studentar ut frå alle universitet.
– Når Taliban slettar kvinner frå offentlegheita, held det afghanske kvinnefotballaget sine spelarar fram som symbol på mot og motstand for landet sitt. Brorparten av laget lever no i Australia, der dei trener mot ei uviss framtid, skriv Yousafzai og Popal.
Vil få spela i eksil
Laget har ikkje fått spela kvalifisering til neste års fotball-VM for kvinner i Australia. No jobbar dei for å få Fifa til å la landslaget spela i eksil.
– Laget håpar å halda fram å utvikla seg og ein dag spela med verdas beste igjen. Mest av alt vil dei gje håp til kvinner og jenter som lever under Afghanistans undertrykkjande patriarkalske regime, skriv dei.
Fifa: – Ikkje rett til å offisielt anerkjenna
I eit svar til The Guardian skriv Fifa at dei følgjer situasjonen til det afghanske fotballmiljøet, det afghanske fotballforbundet og særleg dei kvinnelege spelarane nøye.
– Utvalet av spelarar og lag som representerer eit medlemsforbund vert rekna som ei innbyrdes sak hjå medlemsforbundet. Difor har ikkje Fifa rett til å offisielt anerkjenna noko lag utan at det er anerkjent av det aktuelle medlemsforbundet, svarar Fifa.