Tre av ti unge vaksne seier dei vil kutte raudt kjøtt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

InFact har på oppdrag frå Nationen, spurd nordmenn om dei har planar om å ete mindre raudt kjøtt i 2023. Nesten ein av fire, 23,6 prosent, svarer at dei ønskjer å redusere forbruket.

Men i aldersgruppa 18 til 29 år svarer 29,1 prosent av dei vil redusere inntaket. Rundt 6 prosent seier dei ikkje et raudt kjøtt. Samtidig svarer nesten seks av ti, 58,9 prosent, at dei vil ete like mykje som i dag.

Henrik Nordtun Gjertsen, leiar i Noregs Bygdeungdomslag, er kritisk til svara og peikar på at kjøttproduksjon er ein berebjelke for distriktslandbruket og bygder over heile landet. Han viser til at den norske geografien ligg godt til rette for kjøttproduksjon.

– I ei tid med global matuvisse er vi avhengige av at alle land utnyttar ressursane sine, og raudt kjøtt er det vi har best føresetnad for å produsere i store delar av landet, seier han.

Gina Gylver, leiar i Natur og ungdom, seier ho er glad for at nesten kvar tredje unge vaksne vil kutte i forbruket.

– Det er bra at det ligg såpass høgt, men det burde lege endå høgare, seier Gylver til Nationen.


F.v. August Ihle, Gina Gerhardsen, Maria Myrene Nørstebø og Herman Midttun Tobiassen. Foto: Eirik Lygre