Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kanskje det var på 17. mai då eg eigentleg var russ, men feira det med å stå på ei scene på Lillestrøm og spele til dans med Saturn iført min særdeles pent brukte russedress.

Trine Rein (52) tenkjer tilbake til sitt sterkaste minne frå 1990, då ho var 20 år.

Ho budde i barndomsheimen på Nesodden og gjekk siste året på Nesodden videregående skole, der ho tok språklinja. Elles var det fullt program som ekstrahjelp i kosmetikkavdelinga på Steen & Strøm i Oslo, og som vokalist i partybandet Saturn.

– Eg hadde også inntekter på å synge på radioreklame og radio-jingles, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Trine Rein og coverbandet Saturn. Foto: Privat

Over tretti år på scena

I over tretti år har Trine Rein vore eit meir eller mindre kjend namn i artist-Noreg. Først som vokalist i Saturn og backup vokalist for hip hop-bandet W. I. P (World In Peace), men det var først i 1993 ho verkeleg vart kjend for folket.

Då kom debutalbumet hennar «Finders Keepers» som toppa hitlistene og sikra ho Spellemannprisen for Årets nykommer.

Og det er ikkje berre Noreg som vart kjend med henne: i Japan selde plata over 400.000 eksemplar.

1994: Trine Rein vann Årets nykommar under Spellemannprisen. Foto: Tor Richardsen NTB

Show og Torn

Seinare har ho vore med i showa Beat for Bit og The Ladies Night, delteke i Melodi Grand Prix, vunne The Hit og vunne billøp-konkurransen Zebra Grand Prix saman med Jan Erik Larssen.

I 2015 vart ho igjen å sjå i gullrekkja under Stjernekamp, der ho kom på andreplass og i 2019 deltok ho i Hver gang vi møtes.

Ho og mannen Lars Monsen har også hatt førestillinga Vilt & Vakkert saman over heile landet og då ho vart 50 år sette ho opp Femti, feit og bitter.

Sidan 2008 har ho også reist på juleturne rundt om i landet, og i år er ingen unntak.

– Gjorde alt eg kunne for å kome inn i musikkmiljø

Ho visste tidleg at det var songar ho ville bli. Ifølgje heimesida hennar annonserte ho allereie som seksåring at ho skulle bli songstjerne. Som 15-åring var ho med i duoen The Sound of Silence, og kom på andreplass i UKM.

Som 20-åring visste ho framleis godt kva ho vil bli her i livet:

– Eg ynskja å slå igjennom som songar og artist, men eg hadde også eit mål om å studere slik at eg kunne jobbe med media- og kommunikasjon.

Den viktigaste personen i livet hennar på denne tida var mor hennar. På fritida vart det lite tid til å vere saman med vener, all tida gjekk til anten skule eller musikk. 20-årsdagen hugsar ho ikkje.

– Eg var flink på skulen, og hadde mykje reising i helgene med Saturn der me gjerne kom veldig seint heim frå siste konsert, ofte utpå morgonkvisten sundag morgon. Eg hadde allereie då ansvaret for bandbussen, sidan Nesodden alltid vart siste stopp.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg hadde eigentleg ikkje nokre konkrete planar på den tida, anna enn at eg gjorde alt eg kunne for å kome inn i musikkmiljø der eg kunne få jobbe med musikk.

Whitney Houston (Foto: U.S. federal government), Aretha Franklin (Foto: Atlantic Records), Randy Crawford (Foto: Randy Crawford by Stuart Mentiply) og Tina Turner (Foto: Philip Spittle/CC BY 2.0)

– Alt kjem til å gå bra til slutt

Sjølv lytta ho til Whitney Houston, Aretha Franklin, Tina Turner, Randy Crawford, men også meir rock og funk som Mothers Finest.

Om ho hadde møtte seg sjølv som 20-åring hadde ho tenkt at ho trong litt rettleiing frå nokon som kunne setje planane hennar i system og hjelpe ho å setje nokre konkrete mål.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville fortald meg sjølv at alt kjem til å gå bra til slutt, men at det er lurt å setje seg inn i dei mekanismane som er relevante for min bransje. Ikkje overlèt alt til nokon eg stolar blindt på, men heller ta eigne grep og få kontrollen over mi eiga karriere.


Journalist og programleiar Noman Mubashir (47) var mest oppteken av jobb som 20-åring. Foto: Ole Kaland/NRK