Straffelovrådet foreslår å senke den seksuelle lågalderen til 15 år
Straffelovrådet meiner den seksuelle lågalderen i Noreg bør senkast til 15 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rådet har vurdert at barn byrjar den seksuelle sjølvråderetten sin frå dei er 15 år, og ikkje 16 år som i dag.
Rådsleiar Linda Gröning understrekar at barn heilt opp til 18 år skal ha eit sterkare vern mot seksuell utnytting.
I tillegg skal straffansvar for seksuell omgang med barn under 15 år også omfatte den som får barnet til å ha seksuell omgang med ein annan, seier ho.
Straffelovrådet overleverte rapporten sin om seksuallovbrot og samtykke måndag.