Natur og Ungdom skal på segltokt for klima og miljø
Fredag lanserte Natur og Ungdom påmelding til Ungdommens Miljøskute. Neste sommar skal over 120 personar segle langs store delar av norskekysten med fullriggaren Sørlandet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med denne ekspedisjonen vil miljøorganisasjonen spreie kunnskap om hav, aktivisme og demokrati.
Deltakarane er ungdommar som sjølve skal vere mannskap på skipet og i tillegg lære om korleis ein kan bruke miljøengasjementet sitt. Skuta skal segle ut frå Kristiansand 26. juni og gå innom Stavanger, Vevring, Ålesund, Bergen og Arendal, før toktet endar i Fredrikstad etter tre veker på havet.
– Vi håpar dette kan kickstarte meir frivillig engasjement i heile landet og vise ungdom at i møte med klima- og naturkrisa og handlingslamma politikarar, er det som gjeld å engasjere seg. Målet med Ungdommens Miljøskute er å byggje dyktige klima- og miljøambassadørar som kan ta med seg opplevingane til heimstadene sine og spreie kunnskapen vidare. Dette skal også vere eit fint ferietilbod for unge folk som ikkje har så mange moglegheiter om sommaren. Eg gler meg til å setje segl med ein stor gjeng med miljøaktivistar, seier Tuva Mjelde Refsum, prosjektleiar for Ungdommens Miljøskute, i ei pressemelding.