Musikkdagboka: La Bambina si guilty pleasure er Ballinciaga
Norsk-kubanske La Bambina høyrer helst på urban latin, men kan driste seg til Noregs mest populære gruppe i 2022.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
La Bambina høyrer på musikk 3–4 timar dagleg, og då er det gjerne urban latin det går i.
20-åringen har allereie gitt ut musikk under artistnamnet LAUREN. Under artistnamnet La Bambina siktar ho mot den latinske musikkscena, der ho blandar reggaeton og trap med sine europeiske og latinske røter.
Sjå og høyr Lauren sin mest spelte låt:
Me har teke ein kikk i musikkdagboka til den talentfulle artisten.
Dette høyrer eg på når eg er …:
… glad: Bad Bunny
… lei meg: Maro
… sint: Megan Thee Stallion
… treng ein sjølvtillitsboost: Nicky Minaj
Urban latin
Favorittsjanger: Urban Latin
Favorittband/artist: Too many to choose one
Favorittlåt: Akkurat no er det PaoPao av PaoPao
Første album du kjøpte sjølv: Lemonade – Beyoncé
Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
– Still feel like a teenager, haha. Høyrer på mykje av det same i dag eigentleg
Sech i dusjen
Kva syng du i dusjen? Sech <3
Verdas beste kjærleikslåt: When I see you – Fantasia
Beste treningslåt: The Motto – Tiesto ft. Ava Max
Guilty pleasure og beste konsert
Guilty pleasure: Ballinciaga
Verdas mest undervurderte band/musikar: Take Off – rip <´3
Di største konsertoppleving: VG lista i 2018
Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke? Bad Bunny på ein av mine unreleased songar
Kva låt skulle du ynskja du hadde laga? El makinon – Karol G
«Hver gang vi møtes» med Bad Bunny
Om du fekk vere med på «Hver gang vi møtes», der deltakarane er både norske og internasjonale:
– Kva for artistar ville du delteke med? Meg sjølv, Anitta, Anuel og Bad Bunny
– Kva for ei av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist? EX
Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt? Títí me preguntó
Kva låt vil du ha i gravferda di? Så trist spørsmål : (It’s All Over – Maro <3)
Kva låt har du dilla på no? Lokera – Rauw Alejandro
- Sjekk også ut musikkdagboka til Babylucifa: Vil ha ein låt med bad bitch i seg i gravferda si