Babylucifa (21) sin draumeduett er med anten Chris Brown eller Masego.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg høyrer eigentleg ikkje så mykje på musikk for å vere heilt ærleg, men på ein dag eg har mykje å gjere sikkert typ 5/6-timar.

Bak artistnamnet Babylucifa finn ein 21 år gamle Isabell Røren Hannevig frå Tønsberg/Kongsberg.

I mars i år vart artisten krona til Månadens Urørt av NRK P3 for låten Ya baby, ein hybrid mellom rap og r&b.


Favorittsjanger:

– r&b.

Favorittband/artist:

– Chris Brown fosure!

Favorittlåt:

– For tida er favorittlåten min Till the Weels Fall of av Chris Brown, Lil Durk & Capella Grey.

Første album du kjøpte sjølv:

– Aldri kjøpt album sjølv, men eg stal eit Missy Elliott – Under construction-album av faren min ein gong i tida og det har vore med meg sidan! Haha.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

– Diggar det enno. Det gir meg veldig nostalgi og ting føltest meir versatile (allsidig red.anm.) på den tida, så det er framleis inspirasjonskjelder til musikken eg lagar.

Kva syng du i dusjen?

– Random TikTok-låtar eg har fått på hjernen.

Verdas beste kjærleikslåt:

– Hmm, THEY – Count Me In.

Beste treningslåt:

– Å berre la ein song du likar gå over til radio på Spotify og oppdage nye songar! (Så ingenting spesifikt med andre ord, hehe.)

Guilty pleasure:

– Mindless Behavior, haha.

Verdas mest undervurderte band/musikar:

– Det synest eg er så vanskeleg å svare på, men akkurat no i Noreg er det 100 % Oscar Blesson. Utruleg dyktig artist!

Di største konsertoppleving:

– Moglegvis då eg var på Vinterlyd i sånn 2013 og såg Isac Elliot i sin prime som ein starstruck 12-åring.

Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

– Definitivt Chris Brown eller Masego. Med Chris hadde eg villa lage ein r&b låt med litt bounce og med Masego hadde eg villa leike med mykje forskjellige instrument og flows!

Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?

– Masego – Mystery Lady (eit actual masterpiece).

Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Kanskje Michael Jackson. Synest han er ein fascinerande person med masse historier på seg som han ikkje lever for å stadfeste eller avkrefte. Berre alt frå oppvekst til Hollywood og legacien hans.

Om du fekk vere med på «Hver gang vi møtes», der deltakarane er både norske og internasjonale – Kva for artistar ville du delteke med?

– Kehlani, Juice World (rip), Jonas Benyoub, Rihanna og Oscar Blesson.

Kva for ei av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist?

– Det må nesten bli noko unreleased, føler ikkje eg har nådd toppen på kva eg kan gjere som artist endå, så kjipt å ha nokon tolke ein song eg føler er ordinary (stay tuned for EP).

Kva låttolking ville du sjølv spelt for ein annan av artistane?

– Lil Wayne – How to Love.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

– Calboy – Envy Me, songen til meg og sambuaren, haha.

Kva låt vil du ha i gravferda di?

– Eit eller anna med bad bitch i seg.

Kva låt har du dilla på no?

– Basement – JVCK JAMES. 


Glad: Kehlani

Lei meg: Che Ecru

Sint: A Boogie wit da Hoodie

Treng ein sjølvtillitsboost: Chris Brown


Les også: AVGVSTVS prøver å kome i kontakt med Susanne Sundfør

AVGVSTVS. Foto: Playground Norge (PGM)

Babylucifa

Namn: Isabell Røren Hannevig

Alder: 21

Frå: Kongsberg/Tønsberg