Skapar julestemning for tusenvis av born

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Dei har nemleg hovudrollene i musikalen Putti Plutti Pott og julenissens skjegg i Oslo Spektrum i desember. Mette Bertine Sagen (7) speler Putti, medan Christian Albert Binde-Knudsen (8) og Thelmine Vanay Olafsen (10) speler søskenparet Petter og Caroline.

– Vi får veldig gode minne som vi kjem til å hugse for alltid, seier Thelmine.

I alt er det mellom 30 og 40 born med på scena gjennom stykket.

Ingen sceneskrekk

Det er over 3000 plassar i salen. Med sju førestillingar i Oslo Spektrum blir det over 20 000 personar som skal sjå Mette Bertine, Thelmine og Christian opptre.

Det er første gong dei tre opptrer på ei så stor scene. Thelmine skulle vere med i førestillinga i fjor, men då vart stykket avlyst i siste liten på grunn av koronaviruset.

Heldigvis har ingen av dei sceneskrekk. Men dei er veldig spente likevel.

– Det blir veldig gøy, og så kan vi grue oss litt, seier Mette Bertine.

Mykje å lære

I det siste har borna vore travle med å lære seg replikkar og songar. Det er mange kjappe og lange liner dei skal pugge. Men dei har ikkje måtta ta fri frå skulen for å vere med i stykket.

– Historia er gøy, for det er så mykje kaos, og vi gjer mykje forskjellig, seier Mette Bertine, som startar stykket med å falle ned gjennom pipa.

Det er mellom 30 og 40 born med på scena gjennom stykket. Foto: Troll Production AS

Julestemning

Christian fortel at han får skikkeleg julestemning av stykket. Det er trass alt nissar og reinsdyr, tett snø og julegåver på scena. Dei tre borna synest det er kjekt å kunne vere med og skape juleminne for både born og vaksne.

– Det blir kjekt når vi skal møte julenissen – den ordentlege julenissen! seier Christian.

Gler seg til jul

– Det kjekkaste er å vere i lag med familien, men eg gler meg ekstra mykje i år sidan vi skal spele i Putti Plutti Pott, seier Christian.

Elles gler dei seg til å bake peparkaker, sjå på julekalender på TV og ete mykje god mat. Og til gåvene, sjølvsagt.

– Er det kjekkast å gi eller å få gåver?

– Gi!

– Få!

– Gi og få!


Dette ønskjer dei seg til jul:

– Marsvin, seier Mette Bertine.

– Elektrisk drone med kamera, seier Christian.

– Ulike småting og teaterklede, seier Thelmine.


Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Putti Plutti Pott

Familiemusikal som blir sett opp mange stader i landet kvar desember. Den har blitt sett opp sidan 1987. I år skal han spelast 46 gonger i 10 forskjellige byar.

Musikalen følger nisseguten Putti Plutti Pott, som er barnebarnet til sjølvaste Julenissen. Putti hamnar hos ein menneskefamilie og må komme seg tilbake til nisseland før julaftan.