Halvparten av unge har fått reklame for slankeprodukt og større musklar

Over halvparten av 13–18-åringane i Noreg har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt og for å få større musklar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser nye tal frå Medietilsynet.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, er uroa for digital blotting og myta om at Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Det er eit stort problem når så mange barn og unge får slik reklame. Vi fryktar at dette kan bidra til større kroppspress, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i ei pressemelding.

Medan reklame for produkt som skal gi større musklar treffer både jenter og gutar, er jenter særleg utsette for å få reklame for slanke- og venleiksprodukt.

Meir enn tre av ti 13–18-åringar har fått reklame for kosmetiske behandlingar, viser undersøkinga Barn og medium 2022 frå Medietilsynet.

Influensarar bør ta ansvar

Fleire tidlegare undersøkingar viser at reklame påverkar kroppsbiletet til dei unge i negativ retning, og at det er ein samanheng mellom misnøye med eigen utsjånad og psykiske helseplager.

– Det er viktig å få redusert reklame og anna innhald som kan føre til kroppspress overfor barn og unge. Her bør både plattformene som tilbyr tenester i sosiale medium og influensarar med unge følgjarar ta ansvar, seier Velsand.

Sosiale medium er bygde opp med algoritmar som gjer at brukarane blir eksponerte for meir av den typen saker dei les eller reagerer på. Det viste NRK nyleg i ei sak der den fiktive guten «Samuel» på få timar fekk nesten berre innhald om ekstrem trening i TikTok-straumen sin.


Andrea Teistedal Dyrøy (17) vann retorikkonkurransen Ta ordet! med sin appell for båsar i fellesdusjen. Foto: Tove K. Breistein/Ta ordet!