goSupermodel fekk inn over 860.000 kroner frå fansen
Nettsamfunnet la ned i 2006, men no har entusiastar brukt store summar for å få spelet relansert.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
goSupermodel er eit dansk nettsamfunn retta mot jenter i alderen 10-16 år, som først vart oppretta i 2006. I 2016 vart nettsamfunnet lagt ned, men no håpar Momio Aps, som eig rettane til selskapet, å få spelet tilbake.
360 000 kroner på 12 timar
goSupermodel let brukarane laga seg ein avatar, ein supermodell, som kan delta i ulike spel og konkurransar som handlar om å oppnå mote- og kjendisstatus.
Nettsamfunnet var svært populært i Nord-Europa, men har òg fått kritikk av Forbrukarombodet for å driva kjøpepress mot born.
I år starta selskapet Momio Aps ei kronerulling på nett for å samla inn 360 000 kroner til ei relansering, noko som berre tok dei 12 timar.
– Me blei heilt blåst av banen av responsen me fekk då me annonserte folkefinansieringen, seier Rikke Møgelvang, administrerende direktør for Momio Aps til Universitas.
I løpet av innsamlingsperioden har 2321 personar brukt 862 759 kroner på spelet goSupermodel.
Vil lansera før jul
Ifølgje Møgelvang er det spesielt jenter frå Noreg og Finland som har engasjert seg i sosiale medium for å nettsamfunnet tilbake. Ei av desse er studenten Mah-Noor Baig (20).
– Det er tydeleg at goSupermodel fyller eit eller anna sosialt behov. Eg saknar ein stad kor eg kan få kreativt utløp og bli kjent med nye folk, seier ho til Universitas.
- desember skreiv laget at dei jobbar mot lansering, og håpar å bli klare før jul.
Les også: Første kull med e-sport på timeplanen: – For meg er dette draumen