Difor boikottar Unge Venstre-profilen VM i Qatar: – Det kjem med ein bitter bismak

Hans Jacob Huun Thomsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget blei publisert på Facebook på opningsdagen av Qatar-VM, søndag 20. november, og er omsett til nynorsk og gjeve att med løyve. 

Gjennom heile livet mitt har fotballen vore ein viktig del av identiteten min. Sidan eg fekk mi første fotballdrakt då eg var tre år gamal – ei raud United-drakt med Beckham og nr. 7 på ryggen – har eg elska verdas største idrett.

Kjærleiken har blitt med meg frå mine første spark på Frigg-feltet til flaumlysa på Intility Arena.

Forelskinga blei med åra til ein lidenskap, og lenge satsa eg alt på fotballen. Tallause treningstimar blei lagt ned, strenge kosthaldsregime blei gjennomført, og haugevis av trenings- og kampvideoar blei analysert. Utskjelling, høg temperatur og stressande augeblikk. Eg ville ikkje vore forutan noko av det.

Ein felles arena i vanskelege tider

Eg har fått nokre av mine beste vennar gjennom fotballen. Minne for livet. Viktige lærdommar. Førebilete og heltar. Tøffe nedturar og mykje motgang, men også store augeblikk. Eg kjem aldri til å gløyme dei fantastiske lagkameratane og trenarane (og fysioterapeutar, materialforvaltarar og andre) eg har hatt i løpet av mine 15 år på fotballbana.

Eg hadde rett og slett ikkje vore den personen eg er i dag utan fotballen.

Hans Jacob Huun Thomsen har spelt på Vålerenga og elskar fotball. – Den siste tida har eg likevel følt på ein gryande ambivalens overfor idretten min. Foto: Kenneth Berger

Sidan eg la skoa på hylla for eit par år sidan (med eit kort comeback for Manglerud i fjor), har tida blitt knappare, og eg har dessverre fått mindre tid til å sjå på Premier League, Serie A og La Liga. Kjærleiken til sporten har derimot blitt verande den same. Eg kan framleis felle ei tåre av å sjå på Youtube-videoar av Puyol, Kompany og Lahm. Det kriblar framleis i magen når Champions League-hymnen blir spelt, og spelarane trer inn på grasmatta.

Kjærleiken min er ikkje berre til sjølve spelet, men også til kva rolle det har. Fotballen bygger ned barrierar og skapar draumar. Han foreiner og skapar samhald. Det er nettopp i dagens vanskelege tider at fotballen kan vere ein felles arena. Eller som Jan Henrik Børslid så fint sa det: Fotballspråket er verdsspråket som vi alle snakkar.

Verdsmeisteren av menneskerettsbrot

Den siste tida har eg likevel følt på ein gryande ambivalens overfor idretten min. I dag startar nemleg fotball-VM i Qatar. Akkurat no blir opningskampen mellom vertsnasjonen og Ecuador spelt. Det kjem med ein bitter bismak.

Sidan tildelinga av meisterskapet har fleire tusen migrantarbeidarar mista livet – anslaga varierer frå 6500 til 15 000. Dei resterande migrantarbeidarane – som dessutan utgjer heile 90 prosent av befolkninga i Qatar, og ikkje har statsborgarskap – sit att med få eller ingen rettar. Det er ingen tvil om at årets meisterskap er mogleggjort av desse arbeidarane.

I tillegg har det blitt avdekt omfattande menneskerettsbrot i landet. Ytringsfridomen er sterkt avgrensa, og homofili er framleis straffbart med opptil fleire år i fengsel. Til dømes hevdar ein biseksuell qatarsk borgar at ho blei banka opp så hardt at ho mista bevisstheita fleire gonger. Ein annan skal mot sin vilje ha blitt halde i ei underjordisk celle i to månader i Doha, på grunn av at ho er transperson.

Uavhengig av kven som blir ståande igjen som vinnaren av fotball-VM, kan vi allereie peike ut Qatar som verdsmeisteren av menneskerettsbrot.

Hans Jacob Huun Thomsen er i tillegg til å vere fotballentusiast 1. nestleiar i Unge Venstre. Foto: Enok Grova

Boikottar med tungt hjarte

Med alle desse tinga tatt i betraktning, klarar eg ikkje å rettferdiggjere overfor meg sjølv å sjå årets fotball-VM. Eg vil ikkje la meg underhalde av eit meisterskap der tusenvis, ja kanskje millionar, har måtta lide under slaveliknande arbeidsforhold, og som har blitt mogleggjort av omfattande korrupsjon. Difor er det med et tungt hjarte at eg boikottar VM i Qatar.

Det er sikkert lett å innvende at eg ikkje er moralsk konsekvent. Dersom eg skulle følgt den same logikken, er det garantert fleire idrettsarrangement eg burde ha boikotta.

Eg veit heller ikkje om eg har viljestyrken til å halde auga unna TV-skjermen dersom Argentina møter Portugal i finalen. Messi mot Ronaldo i ein VM-finale vil rett og slett vere tidenes største sportshending. Då veit eg ærleg talt ikkje kva eg gjer.

Vi kan utgjere ein forskjell

Eg har derimot ei ibuande tru på at vi som enkeltindivid saman kan utgjere ein forskjell. Store omveltingar startar alltid i det små. Eg meiner difor at det er viktig at vi brukar forbrukarmakta vår, og seier klart ifrå om kva vi meiner om VM i Qatar. Det vil sende eit tydeleg signal om at vi ikkje kan halde fram å arrangere meisterskap slik.

Som tidlegare Nobels fredsprisvinnar Denis Mukwege sa: «Viss det er éin krig som skal førast, så er det krigen mot likegyldigheita som tærer på samfunna våre».


Christian Eriksen feirar med sine danske lagkameratar etter å ha skåra for Danmark i kampen mot Kroatia, som enda 2-1 til kroatane. Foto: (AP Photo/Darko Bandic)