Miljøorganisasjonar seier nei til vald i klimakampen

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppropet til miljøorganisasjonane kjem etter klimaaktivisten Joachim Skahjem sa at han trudde vald vil bli brukt i klimakampen på Debatten på NRK.

Organisasjonane tek avstand frå utsegna.

– I heile norsk miljøhistorie har fagkunnskap, skikkelegheit og ikkjevald vore sentrale og berande prinsipp. Slik skal det framleis vere, heiter det i oppropet.

Det er Naturvernforbundet, Framtiden i våre hender, Natur og Ungdom, Greenpeace Norge og WWF Verdsnaturfondet som står bak oppropet.

– Heldigvis er det brei semje om dette i miljørørsla. Sivil ulydnad er ein viktig del av demokratiet, men vi tek total avstand frå alle handlingar med vald som verkemiddel. Slike handlingar har ingen plass i rørsla vår, skriv dei.

Joachim Skahjem har sidan programmet sagt at han forlèt organisasjonen Stopp Oljeletinga, skriv TV2.


Anna Nes er leiar i DNT ung. Foto: Marius Dalseg / DNT