Slik demonstrerer Danmark mot VM i Qatar
Dei nye draktene til det danske herrelandslaget i fotball er eit sørgebind, ifølgje sponsoransvarleg i Hummel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den svarte trøya skal sjåast som eit vandrande sørgebind, som viser respekt for dei tusenvis av migrantarbeidarar som har mist livet slik at Qatar kan arrangere VM. Det viser òg respekt for dei etterletne.
Det sa sponsoransvarleg i Hummel, Morten Lund, ifølgje danske Politiken.
Det danske fotballandslaget speler med raude heimedrakter og kvite bortedrakter.
I Nations League-kampen mot Kroatia 22. september hadde dei danske spelarane på seg ei ny, svart fotballdrakt.
Alle dei tre draktene er einsfarga med logoar som ikkje skil seg ut frå bakgrunnen.
Hummel Sport skriv på Instagram at sjølv om dei støttar det danske laget vil dei ikkje vere synlege under ei turnering som har kosta tusenvis av menneskeliv.
Avviser kritikken
Komiteen som planlegg VM i Qatar avviser kritikken.
– Me avviser heilhjarta trivialiseringa av vårt ekte engasjement for å verne om helsa og tryggleiken for dei 30 000 arbeidarane som har bygd stadion og andre turneringsprosjekt. Det same engasjementet strekker seg no til 150 000 arbeidarar på tvers av ulike oppgåver under turneringa og over 40 000 arbeidarar i servicebransjen, svarar komiteen ifølgje Politiken til det tyske nyheitsbyrået DPA.
I fjor melde The Guardian om at over 6500 migrantarbeidarar har døydd i Qatar sidan landet fekk tildelt fotball-VM i 2020.
Komiteen meiner Hummel tek feil i talet på døde arbeidarar. Dei viser til samarbeidet med det danske fotballforbundet om saker dei har uttrykt uro over og ber forbundet ta ein prat med Hummel.