Zelenskyj har fått Oscar-statuett

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske skodespelaren og filmskaparen Sean Penn er i Kyiv og har møtt president Volodymyr Zelenskyj. Medan han var der gav han Zelenskyj den eine Oscar-statuetten sin:

– Når de vinn, ta den med tilbake til Malibu, sa Penn til presidenten.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Fekk fortenestemedalje

Presidenten overrekte også ei gåve frå Ukraina til Hollywood-skodespelaren. Han fekk fortenestemedalje for å ha støtta Ukraina sin territorielle integritet og skapt merksemd om landet.

Sean Penn har vore open om at han støttar Ukraina og Zelenskyj, og på grunn av dette vart han i september forbode å reise til Russland.

På Instagram skriv Zelenskyj at statuetten er eit symbol på at Penn har tru på at Ukraina vil sigre i krigen:

– Den vil vere i Ukraina til krigen er over, skriv han.

Sean Penn vart heidra med Oscar for beste mannlege hovudrolle for filmen Mystic River frå 2003 og for Milk frå 2008. No lagar han ein dokumentar om Ukraina, og har besøkt landet tre gongar sidan invasjonen 24. februar.


President Vladimir Putin har òg undervist ein patriotismetime i Kaliningrad. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0