Snart er det 8 milliardar menneske på jorda
Ifølge prognosane vil befolkinga bikke 8 milliardar 15. november.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er berre 95 år sidan verda hadde 2 milliardar innbyggarar. Sidan då har veksten i befolkninga skote i vêret, og no nærmar talet seg altså 8 milliardar.
Fleire folk fører til meir press på mat, vatn, energi, areal og andre ressursar i verda.
Likevel seier FN at folk ikkje må få panikk over den nye rekorden.
– Må fokusere på løysingar
Dr. Natalia Kanem er dagleg leiar i FNs befolkningsfond.
Ho seier at det ikkje er grunn til å frykte talet i seg sjølv. I staden må verda rette meir fokus mot å hjelpe kvinner, born og utsette grupper som er sårbare for overbefolkning.
Tidlegare i historia har ein brukt sterilisering og andre inngripande tiltak for å bremse vekst i folketal. Kanem seier at verda ikkje må gjenta slike brot på menneskerettane.
India kan gå forbi Kina
Det er store skilnader på veksten i folketal i ulike deler av verda. Fram mot 2050 er det venta at berre åtte land saman vil stå for meir enn halvparten av folketalsveksten.
Til neste år kjem India truleg til å passere Kina som det mest folkerike landet i verda.