Snart er det 8 milliardar menneske på jorda

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er berre 95 år sidan verda hadde 2 milliardar innbyggarar. Sidan då har veksten i befolkninga skote i vêret, og no nærmar talet seg altså 8 milliardar.

Fleire folk fører til meir press på mat, vatn, energi, areal og andre ressursar i verda.

Likevel seier FN at folk ikkje må få panikk over den nye rekorden.

– Må fokusere på løysingar

Dr. Natalia Kanem er dagleg leiar i FNs befolkningsfond.

Ho seier at det ikkje er grunn til å frykte talet i seg sjølv. I staden må verda rette meir fokus mot å hjelpe kvinner, born og utsette grupper som er sårbare for overbefolkning.

Tidlegare i historia har ein brukt sterilisering og andre inngripande tiltak for å bremse vekst i folketal. Kanem seier at verda ikkje må gjenta slike brot på menneskerettane.

India kan gå forbi Kina

Det er store skilnader på veksten i folketal i ulike deler av verda. Fram mot 2050 er det venta at berre åtte land saman vil stå for meir enn halvparten av folketalsveksten.

Til neste år kjem India truleg til å passere Kina som det mest folkerike landet i verda.


Demonstrasjonar frå Uigur-miljøet i Tyrkia under eit besøk av den kinesiske utanriksministeren i Istanbul i mars 2021. Det lyseblå flagget er flagget for Aust-Turkestan. Foto: AP Photo/Emrah Gurel