Justin Trudeau i Drag Race-program

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justin Trudeau skal gjeste ein spin-off av serien Canada’s Drag Race.

Det melder The Canadian Press.

Med det blir statsministeren i Canada den første verdsleiaren som er med i den populære reality-konkurransen.

Drag Race-franchisen starta med amerikanske RuPaul’s Drag Race, og har seinare blitt utvida til å omfatte ei rekkje versjonar i andre land. Konseptet går ut på å finne den neste drag-superstjerna.

Internasjonal versjon

Justin Trudeau vil vere å sjå på skjermen i Canada’s Drag Race: Canada vs. the World. Det er ein internasjonal allstars-versjon, der dragartistar frå tidlegare sesongar rundt om i verda deltek.

Canada’s Drag Race har lagt ut eit bilete på Instagram som viser Trudeau ved sidan av dragqueen og programleiar Brooke Lynn Hytes.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Canada’s Drag Race (@canadasdragrace)

Dei som hadde gleda seg til å sjå statsministeren konkurrere i drag, blir moglegvis skuffa, for The Canadian Press skriv at biletet er frå ein del av serien der deltakarane får «inspirerande ord før episodens hovudutfordring».

Fleire politikarar

Justin Trudeau er ikkje den første politikaren som vitjar den populære serien. Leiaren i Representanthuset i USA, Nancy Pelosi, var innom RuPaul’s Drag Race i 2018 og seinare i 2022 på RuPaul’s Drag Race All StarsNew York-representant Alexandria Ocasio-Cortez var gjestedommar i den amerikanske serien i 2020.

Canada’s Drag Race: Canada vs. the World har premiere 18. november.


Åshild Livsdatter Brinchmann Løvvig, aka Briar The VaudeVillain, gjer seg klar til dragshow. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg