Stor nedgang i elevar som prøver å forbetre karakterane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på forsøk på å forbetre vidaregåande-karakterane har gått markert ned det siste året. For skuleåret 2020/2021 var det litt over 36.000 som tok forbetringseksamen som privatist, i løpet av fjoråret var talet sokke til 29.000, skriv Utdanningsnytt.

Avdelingsdirektør Irene Hilleren i Utdanningsdirektoratet vil ikkje spekulere i kva nedgangen kjem av.

Auka karaktersnitt

Dei siste åra har ikkje elevane på vidaregåande skule hatt eksamen på grunn av koronatiltaka, og karaktersnittet har auka.

I fjor låg snittet i dei største fellesfaga på 4 eller høgare. Andelen elevar som fekk karakteren 6 i dei største fellesfaga var også høg førre skuleår, samanlikna med tidlegare år, viser tal frå direktoratet.

Om det høge karaktersnittet til korona-kulla er årsaka til at færre prøver å forbetre karakterane, veit ikkje direktoratet. Hilleren påpeikar at dei har endra måten dei lagar privatiststatistikken på.

– Vi set eit brot i statistikken, og har derfor ikkje samanliknbare tal, seier ho.

Tidlegare registrerte ein berre eksamen i same fag i same skuleår éin gong. Det vil seie at dersom ein elev tok eksamen både før jul og før sommaren, ville berre eitt av forsøka bli registrerte i statistikken. No blir begge registrert.