Over 99 prosent av alle fuglane på heimgarden hans er allereie daude.
Bente Kjøllesdal

– Emmanuel, don’t do it. Emmanuel! 

I sommar vart emuen Emmanuel Todd Lopez (ca. 7) heile verda sin favorittfugl, då han gjekk viralt på TikTok.

Han klarte nemleg ikkje halde fred, medan eigaren laga videoar om gardslivet på Knuckle Bump Farms. Emmanuel stal rampelyset ved å gong på gong spankulere mot mobilkameraet og kakke det ned – trass sterke formaningar om å late vere.

@knucklebumpfarms Not a day goes by that Emanuel doesn’t try my life #emu #emusoftiktok #farmlife ♬ original sound – Knuckle Bump Farms

Åtferda hans sikra eigar Taylor Blake (29) heile 2,4 millionar følgjarar på TikTok og over 46 millionar likarklikk. I tillegg vart det avisoverskrifter verda rundt og besøk hjå The Tonight Show starring Jimmy Fallon.

50 daude fuglar på tre dagar

No har tragedien råka garden Knuckle Bump Farms i Florida. Villgjæser har nemleg smitta dei fjørkledde husdyra med fugleinfluensa. 99 prosent av fuglane på garden har døydd av sjukdomen, seier eigar Taylor Blake på Twitter.

– Vi mista kvar einaste kylling og and på garden vår. Vi mista alle gjæsene våre. Vi mista dei to svarte svanene våre. Vi mista begge kalkunane våre, skriv ho.

På tre dagar skal over 50 fuglar ha døydd. Då gardbrukarane trudde det verste var over, vart også Emmanuel sjuk. Blake har endå håp om at Emmanuel skal klare seg gjennom sjukdomen.

Fugleinfluensa i Noreg

Fugleinfluensa er ein smittsam virussjukdom hjå fuglar, som òg kan smitte over til andre dyr. Ifølgje Veterinærinstituttet kan opp mot 100 prosent av dyra som vert smitta av såkalla høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) døy.

I USA har testar synt HPAI i over 500 fugleflokkar, med kring 47 millionar fuglar, på tvers av 42 statar, melder Forbes.

Fugleinfluensa har òg vore eit stort problem i Europa det siste året. Hausten 2021 starta den største fugleinfluensa-epidemien på kontinentet nokosinne, og meir enn 46 millionar dyr har vorte avliva. Epidemien førte til at fugleinfluensa i 2022 vart påvist i Nord-Noreg, på Svalbard og på Jan Mayen, for aller første gong.

Mattilsynet melde om redusert smittefare og avvikla difor restriksjonane sine 29. august, men melder om at det kan kome fleire utbrot utover hausten.


Foto: Sinogene Biotechnology Co.

LES OGSÅ

ANNONSE