Stumfilmskodespelar pryder historisk amerikansk mynt

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye mynten som det amerikanske myntverket slepte 25. oktober er historisk. For første gong er det avbilda ein person med asiatisk opphav på den amerikanske valutaen.

Det er filmstjerna Anna May Wong som skal pryde 25 cent-mynten.

Mynten blir ein del av serien som hyller over 100 år med stemmerett for amerikanske kvinner.

Wong er i godt selskap med store kvinner. Mynten er femte i rekka etter forfattar Maya Angelou, astronaut Sally Ride, Cherokee-høvding Wilma Mankiller og kvinneforkjempar Nina Otero-Warren.

Det var CNN som omtala saka først.

Svart-kvitt-bilete av Anna May Wong.

Eit bilete av Wong i 1937, kort tid før filmen «Daughter of Shanghai» kom ut. Foto: Eugene Robert Richee, Public domain, via Wikimedia Commons

Suksess trass i diskriminering

Anna May Wong vart født i 1905 i Los Angeles til kinesiske foreldre. Ho fekk si første filmrolle i 1919, og arbeidde seg opp og fram i industrien.

Sjølv om ho ikkje mangla skodespelaroppdrag, gjorde diskriminerande lovar det vanskeleg. Sidan ho hadde kinesisk opphav, hadde ho ikkje lov til å kysse kvite menn.

Det gjorde det nesten umogleg å få kvinnelege hovudroller.

Frå stum til talande skodespelar

Wong vart etter kvart lei av å spele stereotypiske asiatiske roller. Samstundes vart ho frustrert av at Hollywood tilsette kvite skodespelarar til kinesiske hovudroller. På slutten av 20-talet flytta ho til Europa, der ho hadde suksess i både Tyskland, Storbritannia og Frankrike.

Karrieren hennar strekte seg over fire tiår. Wong er ein av skodespelarane som fekk med seg overgangen frå stumfilm til filmar med lyd.

Året før ho døydde, fekk ho ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, i 1960.


Time-magasinet har også i nyare tid løfta fram Anna May Wong som ei viktig kvinne.