Regjeringa og SV er samde om å gi studentane 1.500 kroner ekstra i år på grunn av auka straumutgifter.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Eg er glad og stolt over at vi har fått gjennom ekstra pengar til ei gruppe som har slite med straumrekningane i heile år. Det trengst, seier utdanningspolitisk talsperson Freddy André Øvstegård i SV til Khrono.

Studentstøtta er del av semja mellom regjeringspartia og SV om ei støtteordning for næringslivet. Men fleire andre tiltak har også fått plass i avtalen.

– I vintermånadene som står framfor oss, kjem straumrekningane til å bli endå høgare, så denne ordninga håpar og trur eg at kjem godt med, seier Øvstegård.

Les også: Statsbudsjettet: Norske studentar får 328 kroner meir i månaden

ANNONSE