5 gode nyheiter som gjev deg håp for verda

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artiklane stod først publiserte hjå Verdens Beste Nyheter, og er gjengjeve med løyve. Tekstane er sett om frå dansk av My-Anine Wilhelmsen, og til nynorsk av Framtida.no.

Verdens Beste Nyheter arbeider for å rette søkjelyset mot dei positive nyheitene verda over og framstega som druknar litt i eit hektisk nyheitsbilete.

Her er fem framsteg du kanskje ikkje har fått med deg til no: 

Tre av fire vaksne på jorda har bankkonto

Sjølv om det å ha ein bank kanskje ikkje høyrest så spennande ut, har det stor tyding for dei fattigaste menneska i verda. Dei fleste har ein mobiltelefon, og gjennom han no også ein bank.

I løpet av dei siste ti åra har talet på menneske med tilgang til ein bankkonto stige globalt med 50 prosent. Særleg i utviklingslanda er utviklinga stor. Grafikk: Lauge Eilsøe-Madsen/Verdens Beste Nyheter

Fleire og fleire menneske verda over får tilgang til ein bankkonto, og det er eit stort steg for verdas fattige. Ein bankkonto betyr at ein kan oppbevare inntektene sine trygt og forvalte pengane sine sikkert. Når ein kan dokumentere inntekter vert det lettare å få lån, om ein til dømes skal kjøpe ein heim eller starte ei bedrift. Det gjer det også lettare for styresmakter å overføre pengar til befolkninga, anten det er løn eller naudhjelp.

Stigninga er særleg stor i utviklingslanda, for der har talet vaksne med tilgang til ein bankkonto stige med 71 prosent dei siste 10 åra. Forskinga viser at økonomisk inklusjon hjelper folk med å halde seg ute av fattigdom.

Av: Sara Bang


Botswana nedkjempar hivsmitten frå mor til barn

I Botswana har det sidan 2010 vorte avverja 1,7 millionar nye infeksjonar med hiv hos barn.

I Botswana er dei framleis hardt råka av hivepidemien, men det er lys i mørkret. Dora (på bilete) lever med hiv, men sørga for å kome i behandling slik at sonen hennar vart fødd hivfri. Foto; WHO/Letso Leipego

På berre to år har eit nasjonalt helseprogram i Botswana med relativt få midlar førebygd hivsmitte frå mor til barn. Før var heile 40 prosent av hivsmitta gravide som gav sjukdommen vidare. I dag er det under éin prosent.

Gravide kvinner vert oppfordra til å verte testa for hiv og mødrer som testar positivt kjem raskt i behandling, der dei får antiretrovirale legemiddel gjennom resten av graviditeten. Det er legemiddel som mellom anna hindrar at viruset vert overført til barnet. I tillegg får den nyfødde behandling dei første seks månadane.

Av: Isabella Canto Nielsen


Nashorna i Nepal når nye høgder

For fjerde gong på rad har talet nashorn i Nepal sine nasjonalparkar stige. Det er ein suksess for landets strenge, men fredelege, innsats for å verne dei tunge dyra.

Ein kjempeinnsats mot krypskyttarar og samarbeid med lokalbefolkninga betyr at det truga indiske nashornet går framover i Nepal. Foto: Kedar Bhusal on Unsplash

Kvart femte år skjer det noko spesielt i Nepal. Etter ei bøn til skoggudinna rir karavanar med fleire hundre personar avgarde på elefantar til Terai-Duar-området – eit naturlandskap med skog, tre meter høgt gras og sumpete savannar langs elvane ved foten av Himalaya-fjella.

Sett vekk frå inngangsbøna er det ikkje noka religiøs reise. Formålet er nemleg å telje alle Nepal sine nashorn for å finne ut om innsatsen for å verne dei verkar.

Ved siste oppteljing i 2021, kom karavanane endå ein gong tilbake med godt nytt: for fjerde oppteljing på rad er talet på nashorn i Nepal stige. I dag er 752 av dei store dyra i landets fire nasjonalparkar.

Ved siste oppteljing i 2015 var det berre 645. Det viser tal frå Nepals National Trust For Natur Conservation, som er ein uavhengig organisasjon oppretta av regjeringa i Nepal i 1982 for å verne og ta vare på naturen i Nepal.

Av: Thomas Gringer Jakobsen 


Kolskip har lagt til kai for siste gong på Hawaii

For siste gang er eit skip med kol kome til Hawaii. Framover vil den amerikanske delstaten satse på rein grøn energi.

Illustrasjonsfoto: Benjamin Rascoe on Unsplash

Den amerikanske delstaten Hawaii har i lang tid hatt kol som største energikjelde på dei to største øyane. Men frå og med 1. september 2022 er det slutt på dette. Hawaii har nemleg vedteke å slutte med kolkraft, og kolkraftverka på øya stenger difor ned.

Delstaten følgjer med dette i spora til andre amerikanske delstatar som Ohio og Illinois, men dei tek også eit steg vidare. Hawaii er den første amerikanske staten som har sett som mål at dei vil gå over til 100 prosent fornybar energi innan 2045.

Av: Thomas Gringer Jakobsen 


Slutt på olje- og gassutvinning i Quebec

Ein av dei største provinsane i verda forbyr all olje- og gassutvinning i ei banebrytande avgjerd for den globale klimainnsatsen. Felt på kring 32.000 kvadratkilometer skal verte stengde.

Grafikk: Lauge Eilsøe-Madsen/Verdens Beste Nyheter

Ein provins som er tre gongar så stor som Frankrike skal slutte med olje- og gassutvinning. I løpet av dei neste tre åra skal all boring verte stengt i Canadas største provins, Quebec. Det vart avgjort av Quebec si nasjonale forsamling i april. Det er første gong i verdshistoria at ein region av den storleiken forbyr leiting etter olje og gass.

Den historiske avgjerda kjem etter eit stort press frå klimaorganisasjonar og aktivistar, som i ei årrekkje har forsøkt å presse politikarane til klimavenlege tiltak gjennom kampanjar og demonstrasjonar.

Av: Magd Said Hawran


Les også desse gladsakene: 

Regjeringa vil gje gratis p-stav, spiral og p-piller til dei under 16 år: – Ei gladsak

Rebekka Kvilaas, mellombels leiar i ungdomsgruppa til Sex og samfunn gler seg over at regjeringa vil gje gratis langtidsprevensjon til unge under 16 år. Illustrasjonsfoto: Reproductive Health Supplies Coalition. Foto: Privat