20 storfilmar kan du sjå heime i sofaen

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Straumen er dyr, og det kan føre til at kinobillettane vert dyrare.

Her er nokre storfilmar kan du sjå no, frå eigen sofakrok.

Elvis (HBO)

Som tittelen avslører, handlar denne filmen om nettopp Elvis Presley. Filmen om kongen av Rock and Roll kom på kino i sommar, men allereie no kan du sjå han heime på den vesle skjermen.

Austin Butler har gått inn i rolla som Elvis Presley i filmen som tar for seg livet og karrieren til artisten. Historia blir fortalt gjennom det kompliserte forholdet Elvis hadde til manageren Tom Parker, her spelt av Tom Hanks.

Elvis er regissert av Baz Luhrmann (Romeo + Juliet, Moulin Rouge, The Great Gatsby). Filmen har vore ein av årets store snakkisar, og fekk ståande applaus under filmfestivalen i Cannes.


King Richard (HBO)

Will Smith har vore ein annan stor snakkis i filmverda i år, ikkje minst for å ha klappa til Chris Rock på scena under årets Oscar-utdeling. Etter ein slik augeblink er det lett å gløyme at Smith tidlegare på kvelden henta heim sin første Oscar for beste mannlege hovudrolle. Prisen fekk han for filmen King Richard.

Filmen handlar ikkje om ein tidlegare britisk konge, men om Richard Williams, faren til tennisstjernene Serena og Venus Williams. Filmen tar for seg reisa hans, som enda med å endre tennissporten for alltid.


Dune (HBO)

At Denis Villeneuve sine filmar eignar seg godt for den store skjermen er det ingen tvil om, men no kan du òg nyte hans siste storfilm heime frå sofakroken.

Den kanadiske regissøren har blitt hylla for denne filmatiseringa av Frank Herbert sitt science-fiction-univers. Fleire har forsøkt å filmatisere romanen Sand (Dune) frå 1965 utan å lukkast stort med det, men mottakinga, prisar og filmmeldingar tydar på at Villeneuve sin film har blitt ein suksess.

I filmen, som finn stad 8000 år fram i tid, møter vi Paul Atreides (Timothée Chalamet) som må reise til den farlegaste planeten i universet for å sikre framtida til familien og folket sitt. Atreides-familien må ta over den lukrative krydderutvinninga på ørkenplaneten Arrakis, og Paul er fødd til ein større skjebne enn han er klar over.

Filmen har Hollywood-yndlingen Timothée Chalamet i hovudrolla og Zendaya i rolla som Chani. Dune fekk med seg heile seks Oscar-prisar, mellom anna for beste film.

Morofakta: Delar av filmen er spelt inn i Noreg, i Kinnaklova og på Stadlandet.

The Batman (HBO)

Er du fan av både Twilight og Batman, er dette filmen for deg. I denne storfilmen får du nemleg Robert Pattinson som emo-Batman. Regissør Matt Reeves gir oss her ein mørkare og dystrare versjon av Batman-universet enn det DC har servert oss i superheltfilmane sine dei siste åra.

Denne gongen er det skurken The Riddler (Paul Dano) flaggermusmannen må bryne seg på i krigen mot kriminalitet og korrupsjon i Gotham City. Det blir lagt att gåter på åstadane adressert til Batman, og han må jobbe med nye allierte, les Zoë Kravitz sin rollefigur Selena som er veldig glad i kattar.

Ver førebudd på at filmen er tre timar lang.

Judas and the Black Messiah (HBO)

På grunn av koronapandemien kom ikkje Judas and the Black Messiah på kino i Noreg, men han er heldigvis tilgjengeleg for det norske publikumet via strøyming.

Filmen handlar om den småkriminelle Bill O’Neal (LaKeith Stanfield) som blir tvunge av FBI til å gå undercover for å spionere på leiaren av Black Panther-partiet Fred Hampton (Daniel Kaluuya). Filmen syner kampen for svarte sine rettar i Chicago mot slutten av 60-talet.

Filmen blei nominert til seks Oscar-prisar, og fekk prisen for beste originale song og for beste mannlege birolle, som gjekk til Daniel Kaluuya for rolla som Fred Hampton.

Filmen er regissert av Shaka King.


Blonde (Netflix)

Den nye filmen om Marilyn Monroe har vore på alles lepper den siste tida.

Blonde er ein «fiktiv biografi» om den høgst ekte personen Marilyn Monroe, eller Norma Jeane, som var hennar ekte namn. Andrew Dominik sin film tar for seg kor dårleg filmstjerna vart behandla og korleis ho vart utnytta.

Filmen har fått ein den negative til lunkne meldingar, men hovudrolla Ana De Armas fekk ståande applaus under filmfestivalen i Venezia.

Filmen har fått 18 års aldersgrense.


The Power of the Dog (Netflix)

Tidlegare i år vart regissør  den tredje kvinna i historia som fekk Oscar-statuetten for beste regi for nettopp denne filmen.

The Power of the Dog tar oss med til 1925 og den amerikanske prærien. Brørne Phil (Benedict Cumberbatch) og George Burbank (Jesse Plemons) driv familiegarden i Montana. George giftar seg, og Phil startar eit psykologisk spel med brorens nye kone og tenåringssonen hennar, og gamle løyndomar kjem fram i lyset.

Ingenting å le av (Netflix)

Komikar Odd-Magnus Williamson og regissør Petter Næss har slått seg saman i den norske dramakomedien Ingenting å le av.

Odda er både manusforfattar og speler hovudrolla Kasper. Kasper er ein tidlegare suksessfull standupkomikar som når botnen etter å ha mista ein viktig jobb, blir dumpa av kjærasten og han får ein alvorleg kreftdiagnose. Sara Khorami som speler brystkreftråka Maria fekk attpåtil ein Amanda-pris for beste kvinnelege birolle.


Don’t Look Up (Netflix)

Don’t Look Up handlar om forskarane Dr. Randall Mindy (Leonardo DiCaprio) og Kate Dibiasky (Jennifer Lawrence), som oppdagar at ein komet er på veg i retning jorda. Kometen kjem til å treffe jorda innan 6 månader og vil utslette menneskeslekta.

Filmen tek for seg korleis verda reagerer og responderer på ein varsla katastrofe.


CODA (TV 2 Play)

Filmen som vann Oscar for beste film i 2022 er no tilgjengeleg i sofakroken.

Filmen handlar om 17 år gamle Ruby Rossi (Emilia Jones) som er den einaste som kan høyre i ein familie der resten er døve. Ruby elskar å synge, og musikklæraren hennar på skulen oppdagar at ho har talent. Ruby blir ståande i ein spagat mellom einge draumar og familien, som er avhengige av ho.

Troy Kotsur (53) vann Oscar for beste mannlege birolle for rolla som faren Frank i filmen. Kotsur vart dimed den andre døve skodespelaren i Oscar-historia til å vinne ein skodespelarpris.

PS! Visste du at filmen er ei engelsk nyinnspeling av den franske suksessen La Famille Bélier frå 2014 med songaren Louane i hovudrolla, som òg er verdt å sjå?

Nordsjøen (TV 2 Play)

Har du ikkje fått nok av norske katastrofefilmar etter Bølgen og Skjelvet, er dette filmen for deg.

I Nordsjøen går plutseleg ein oljeplattform ned utanfor Ormen Lange-feltet, og forskarane må finne ut kva som har skjedd og setje i gang ein redningsaksjon.

Downton Abbey: En ny era (TV 2 Play)

Om du ikkje fekk med deg den nye Downton Abbey-filmen på kino tidlegare i år, kan du gjere som med dei 8 sesongane av serien, og sjå han heime.

Dette er den andre filmen om herskapet og tenestefolket på Downton, som vi har følgt sidan serien kom i 2010. Denne gongen har Lady Violet arva ein villa på den franske rivieraen, og Crawley-familien set ut på ei reise. Samstundes har Lady Mary bestemt seg for å leige ut Downton til ei stumfilminnspeling.

Filmen kan leigast for 49 kroner på TV 2 Play


House of Gucci (Prime)

Med Lady Gaga, Adam Driver og Al Pacino i førarsetet tar regissør Ridley Scott oss med på ei reise i familiedramaet bak det populære luksusmerket Gucci.

Filmen handlar om forholdet mellom arbeidarklassejenta Patrizia Reggiani og Gucci-arvingen Maurizio Gucci. Handlinga er basert på ei sann historie, og ei dramatisk hending som faktisk skjedde på ekte, men som vi ikkje treng røpe for dei som ikkje kjenner Gucci-historia.

No Time to Die (Viaplay)

I fjor kom den siste James Bond-filmen med Daniel Craig i hovudrolla på kino. I No Time to Die har James Bond pensjonert seg etter hendingane i forgjengaren og lever eit roleg liv på Jamaica. Eit farleg virus blir stelt og Bond blir overtalt av sin gamel ven i CIA Felix Leiter til å finne det.

Noreg er òg med i filmen!

  • Visste du at det i år er 60 år sidan den første James Bond-filmen kom? Ta Bond-quizen!

Spencer (Viaplay)

Kristen Stewart går inn i rolla som prinsesse Diana i filmen Spencer. Ei rolle ho blei Oscar-nominert for.

Filmen tar for seg korleis ekteskapet mellom prins Charles, no kong Charles, og prinsesse Diana gjekk i oppløysing. Prinsesse Diana er på veg til Sandringham-godset for julefeiring med familien, samstundes som ekteskapet smuldrar opp.

Filmen startar med å erklære at det er «ein fabel om ei verkeleg tragedie». Filmen er altså ikkje ei sann historie, men diktar rundt kva som kan ha skjedd bak fasaden.

Top Gun: Maverick (Viaplay)

Fekk du ikkje med deg Tom Cruise i Top Gun Maverick på kino, kan du leige storfilmen heimanfrå.

Cuise returnerer i rolla han hadde på 80-talet som jagarflypiloten Pete «Maverick» Mitchell.

Han jobbar no som testpilot, men blir kalla attende til Top Gun-akademiet for å trene unge pilotar til eit farleg spesialoppdrag. Samstundes møter han spøkelse frå fortida.

Spider-Man: No Way Home (Viaplay)

Spider-Man-filmane med Tom Holland i rolla som edderkoppmannen har blitt nokre av dei mest populære superheltfilmane til Marvel. I januar kom No Way Home på kino i Noreg.

Førre film, Far From Home, enda med at Spider-Man sin identitet blir avslørt for verda. I denne filmen skapar det store problem for Peter Parker. For å få verda til å gløyme at det er han som er Spider-Man, får han hjelp av superheltkollega Doctor Strange. Men ting går ikkje heilt som planlagt.


Thor: Love and Thunder (Disney +)

2022 gav oss òg eit gjensyn med ein annan Marvel-helt, nemleg Thor.

I den fjerde filmen om tordenguden Thor, reiser han rundt i universet saman med The Guardians of the Galaxy, før han vender heim til nye Åsgard, aka Tønsberg, for å hanskast med ein fiende som vil hemne seg på alle gudar.

Der møter han òg på ein eks som har fått nye krefter.

Filmen er regissert av Taika Waititi.

West Side Story (Disney +)

Nyinnspelinga av musikalen West Side Story er regissert av Steven Spielberg og har Ansel Elgort og Rachel Zegler i hovudrollene som Tony og Maria. Ariana DeBose blei kåra til beste kvinnelege birolle under årets Oscar-utdeling. Med det vart ho historisk.

Som i originalen blir Tony og Maria forelska i kvarandre, trass ulike bakgrunnar. Tony har vore medlem av den kvite gjengen the Jets, og broren til Maria leier den puertorikanske gjengen The Sharks.

Encanto (Disney +)

Disney+ har eit drøss av andre store heltefilmar du kan sjå. Vil du heller sjå ein storfilm i ein litt annan sjanger, kan dei freiste med animasjonsfilmen Encanto. Filmen vann beste animerte film under årets Oscar, og du har vel fått med deg hiten We Don’t Talk About Bruno?

Familien Madrigal er ikkje som andre familiar, men vesle Mirabel slit med å finne si magiske gåve. På vegen vert det sjølvsagt mykje Disney-musikk og magi.