Det kan bli dyrare å gå på kino

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No brukar kinoane mykje pengar på å sørgje for at publikum skal ha ein behageleg temperatur. Kinosjef Erlend Serigstad på Bryne i Rogaland seier til NRK at det er krevjande å få det til å gå rundt, når straumen blir stadig dyrare.

Kinoen på Bryne er kommunal, og dermed må dei halde seg til budsjettet frå kommunen. Dei kan ikkje søkje om straumstøtte til bedrifter, slik ein del private kinoar kan gjere. Dei har enno ikkje endra på tilbodet, men fryktar for vinteren.

Private kinoar, som Odeon i Oslo, etterlyser ei betre og breiare støtteordning for kultur.

– Det er sjølvdokumentasjon og mykje papirarbeid. Eg veit heller ikkje kor mykje pengar vi får, seier Jon Einar Sivertsen, kinosjef for Odeon Kino.


Illustrasjonsfoto: Fré Sonneveld/Unsplash, Spencer Backman/Unsplash, Colourbox. Logo: Linn Isabel Eielsen, Kollasj: Framtida.no