Endometrioseforeningen får Jenteprisen 2022

Kommunikasjonsansvarleg takkar privatpersonar og profilar som har delt sine personlege historiar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kjempestas at me har vunne prisen. Me vart utruleg overraska. Me sat og diskuterte det og tenkte ikkje at me var på topp ti ein gong fordi det er så ufatteleg mange fine folk.

Det seier kommunikasjonsansvarleg i Endometrioseforeningen, Ane Løvereide, på telefon til Framtida.no. 

Bunadsgeriljaen, Abida Raja og Penelope Lea

I samband med den internasjonale jentedagen 11. oktober deler Plan International Norge kvart år ut Jenteprisen.

Prisen har blitt delt ut sidan 2012 og går til ein person, organisasjon eller bedrift i Noreg som har gjort ein ekstra innsats for likestilling og arbeidet med å stoppa diskriminering, vald og overgrep mot jenter.

Blant årets 46 nominerte var mellom anna Instagram-profilen @frida.tegner, klimaaktivist Penelope Lea, fotballpresident Lise Klaveness, Bunadsgeriljaen, kjendislege Kaveh Rashidi og søskenparet Abid og Abida Raja.

Juryen er særleg imponert over Endometrioseforeningen si stå-på vilje og iherdige innsats
med å løfte kvinnehelse og sette viktige saker på agendaen, heiter det i pressemeldinga frå Plan Norge International.

– I meir enn 25 år har Endometrioseforeningen utan å trøytna og frivillig jobba for å auke
kunnskapen om underdiagnostiserte kvinnesjukdommar, og i eit større perspektiv evna å få
fokus på kvinnehelse, seier juryleiar Hege Yli Melhus Ask.

Tøffare kommunikasjon

– Kva trur du er grunnen til at de vann nettopp i år?

– Det er eit godt spørsmål. Me har jo jobba for jenters helserett i 25 år, men me var nok ikkje ei foreining som vart lagt merke til før me gjorde nokre kommunikasjonsgrep. I det siste har me ropt litt høgare, blitt litt tøffare og kravd litt meir, svarar Løvereide.

Løvereide hyllar også dei som har teke bladet frå munnen.

– Det har hjelpt veldig at privatpersonar har lagt frå seg skamma og fortalt om det, og at litt større profilar har gjort det same, noko som har gjort tydeleg dette store samfunnsproblemet.

Snillegucci, Malin Nesvoll og Anne Holt

Årets prisvinnar, Endometrioseforeningen, vart stifta allereie i 1997, men har fått meir merksemd dei seinare åra. Sjukdommen endometriose og Endometrioseforeningen gjev dobbelt så mange treff i mediearkivet Retriever i 2022, samanlikna med 2021.

Det er lite kunnskap om dei to sjukdommane som Endometrioseforeningen rommar, men dei reknar med at kring ein halv million nordmenn lir av anten endometriose eller adenomyose.

Skjermdump Endometriose.no

Begge er sjukdommar som ofte gjev store smerter, kan føra til infertilitet og andre helseplager som påverkar livskvaliteten til både kvinner, transpersonar og ikkje-binære i nesten alle aldrar.

Blant dei profilerte kvinnene som har stått fram er påverkarprofilen Kristiane Aateigen, kjent som «Snillegucci», forfattar Anne Holt (63) og Malin Nesvoll (33), som nyleg fekk diagnosen.

Ulikt tilbod

– Det er ei pasientgruppe ein ikkje har sett fordi dei har ligga heime, skjult og i mørke rom. Det vart lite snakka om og i generasjonane før oss var ikkje kvinner ein like stor del av arbeidsstyrken då ein gjerne var heime med barn. No er det ein sjukdom som råkar arbeidsplassar og går utover samfunnsøkonomien, seier Løvereide.

Ho håpar difor politikarane vil leggja pengar på bordet slik at ein får øyremerkte forskingsmidlar, eit kompetanseløft blant helsepersonell, utdanna spesialistar og eit pakkeforløp for pasientane.

– Det er ikkje rettferdig at ei ung jente i Oslo skal få eit betre tilbod enn ei ung jente i Tromsø, men diverre er det slik no.