Statsbudsjettet: Regjeringa legg fram seks tiltak for straumsparing
I forslag til statsbudsjett for 2023 vil regjeringa leggje fram ein plan med seks punkt for å spare 10 TWh frå norske bygg innan 2030.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det opplyser olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til NRK.
Målsetjinga svarer til om lag like mykje som all vindkraft i Noreg produserer på eitt år.
Lista inneheld følgjande seks tiltak:
- Statlege bygg skal redusere energibruken i eigne og i leigde lokale med rettleiing frå Statsbygg.
- Enova skal bruke 1,1 milliard kroner på sparetiltak i norske hushald.
- Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) utnemnast til ENØK-koordinator, med ansvar for å koordinere arbeidet på tvers av sektorar. NVE skal også ha i oppdrag å rapportere årleg på status for måloppnåing når det gjeld energisparing i bygg.
- Informasjon om ENØK retta mot hushald, næringsliv og det offentlege skal setjast i verk før den kommande vinteren.
- Husbanken skal styrkjast for å komme låginntektshushald til gode.
- Ei tilskotsordning retta mot bedrifter som har fått dobla straumutgiftene sine det siste året.
NHO vil ha meir straumsparing
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner regjeringa burde vere endå meir framoverlent.
– Planen om å spare 10 TWh innan 2030 er eit gammalt mål frå 2016. Her bør regjeringa vise handlekraft og auke målsetjinga, seier Tore Strandskog, som er direktør for næringspolitikk i landsforeininga Nelfo, som er underlagt NHO.