Zalando får verstingpris: – Gjev eit inntrykk at vi kan kjøpe oss ut av miljøutfordringane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ved å marknadsføre klede under fanen «bærekraftighet» gjev Zalando eit inntrykk at vi kan kjøpe oss ut av miljøutfordringane.

Det skriv juryen i si grunngjeving for kvifor Zalando får Forbrukarrådet sin Grønnvaskingspris.

Du trudde kanskje at alle Zalando-klede sorterte ut frå berekraft, faktisk er berekraftige? Då tok du feil. Der dukkar det til dømes opp t-skjorter laga i polyester, og polyester slepp ut mikroplast.

– Dette filteret er problematisk, for det gjev deg inntrykket av at om du handlar der, så er all ting greitt, seier Anja Bakken Riise i ein Instagram-video.

Framtiden i våre hender-leiaren har vore med i juryen som deler ut prisen. Der var òg Kunsthøgskolen i Oslo, Handelens miljøfond, 12YEARS, Skift – Næringslivets klimaledere og Forbrukarrådet.

– Må vere sannferdige

Juryen meiner tanken med å ha eit filter som hjelper forbrukarar ta miljøvenlege val i utgangspunktet er god, men at det i fleire tilfelle er misvisande.

Zalando, KappAhl, Booking.com og Kicks var alle nominerte for å ha filter i nettbutikken som framstiller produkt som miljøvenlege.

Skjermdump frå Zalando. TRYKK PÅ BILETE SÅ VERT DET STØRRE.

Juryen meiner det må verte stilt strenge krav til ordet «berekraftig» for produkt med høg miljøbelastning og dokumenterte utfordringar med til dømes sosiale forhold.

I ei pressemelding påpeikar Anja Bakken Riise at produksjon av tekstil og sko står for 8 prosent av globale klimagassutslepp, og tekstil av plast står for opptil 35 prosent av mikroplastutslepp i havet.

I tillegg har moteindustrien eit høgt forbruk av vatn og kjemikal, forureinar jordsmonn og vasskjelder, og påverkar biologisk mangfald.

– Difor må produsentane vere svært forsiktige og sannferdig når dei marknadsfører sine varer som berekraftige og grøne, seier Bakken Riise i pressemeldinga.

Zalando vil fjerne filteret

Etter å ha motteke prisen, opplyser Zalando at dei vil fjerne berekraftsfilteret, som først vart introdusert i 2019.

– Dei siste månadane har vi jobba med å forbetre kommunikasjonen ytterlegare. Som eit resultat vil vi snart fjerne berekraftsfilteret og erstatte det med informasjon om den spesifikke berekraftseigenskapen til eit produkt, skriv nettbutikken i ei pressemelding.

Forbrukarrådet opplyser om at dei kjem til å klage inn alle aktørane på nominasjonslista til Forbrukartilsynet for misvisande marknadsføring.

– Etter Forbrukarrådet si vurdering representerer alle dei nominerte ein form for marknadsføringspraksis som villeier forbrukarar, seier Gunstein Instefjord, jurymedlem og leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.


Anne Marthe Widvey

Desse var nominerte:

  1. AirBaltic ved kampanjen «Green sale»
  1. Zalando ved bruk av filteret «bærekraftighet»
  1. KappAhl ved bruk av filteret «sustainability label» og merking «responsible fashion»
  1. Kicks ved bruk av filteret «I’m conscious»
  1. Booking.com ved bruk av filteret «Travel sustainable property»
  1. Fortum ved kampanjen: En strømleverandør som bryr seg om miljøet