Aldri før har det vore fleire milliardærar i Noreg. Ifølgje Kapitals oversikt er det no 444 milliardærar i landet – og rikast av dei alle er John Fredriksen.
NPK-NTB/Framtida.no
NPK-NTB/Framtida.no

Ifølgje finansmagasinet Kapitals årlege liste over Noregs 400 rikaste i landet, held det ikkje å berre vere milliardær for å komme på lista. I år må ein ha ein formue på 1,2 milliard kroner.

– Samla formue for Noregs 400 rikaste er no 1.884 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 11 prosent frå i fjor og er eit historisk høgt tal, konstaterer Kapitals ansvarlege redaktør Trygve Hegnar.

Gjengangar på topp

Ifølgje finansmagasinet har det vorte 37 nye milliardærar i Noreg i det siste året.

For 20. år på rad toppar skipsreiar John Fredriksen (78) riking-lista, med ein estimert formue på 124 milliardar kroner. Fredriksens konto har vakse med ti milliardar sidan i fjor.

Mannstung liste

På dei to neste plassane finn vi Rema 1000-eigar Odd Reitan og hedgefondforvaltar Ole Andreas Halvorsen, som Kapital meiner har ein samla formue på høvesvis 64 og 62,5 milliardar kroner.

Lista blir dominert av menn. Vi må heilt ned på 29.-plass for å finne ei kvinne. Noregs rikaste kvinne er reiararving Else Helene Sundt (43), med ein estimert formue på 8,7 milliardar kroner.

Dette er dei ti rikaste i Noreg:

John Fredriksen. Foto: Ole Berg Rusten / NTB / NPK

1John Fredriksen (78)

Formue: 124,00 mrd

Bransje: Shipping

Odd Reitan: Foto: Reitangruppen AS, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

2Odd Reitan (71)

Formue: 64,00 mrd

Bransje: Handel

3Ole Andreas Halvorsen (61)

Formue: 62,50 mrd

Bransje: Finans

Johan Johannson. Foto: Tore Sætre – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

4Johan Johansson (55)

Formue: 61,50 mrd

Bransje: Handel

Ivar Erik Tollefsen. Foto: EditwikiAH – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

5Ivar Erik Tollefsen (61)

Formue: 51,50 mrd

Bransje: Eigedom

Gustav Witsøe. Pressefoto: Salmar

6Gustav Witzøe (69)

Formue: 50,60 mrd

Bransje: Sjømat

Kjell Inge Røkke. Pressefoto Aker Solutions

7Kjell Inge Røkke (64)

Kjell Inge Røkke. Pressefoto Aker SolutionsFormue: 45,30 mrd

Bransje: Olje og energi

Johan H. Andresen. Foto: Tore Sætre – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

8Johan H. Andersen (61)

Formue: 45,00 mrd

Bransje: Finans

Stein Erik Hagen. Foto: The Orkla Group/Guri Dahl /Guri Dahl – Flickr: Stein Erik Hagen, Chairman of the board, CC BY 2.0, Wikimedia Commons

9Stein Erik Hagen (66)

Formue: 33,50 mrd

Bransje: Industri

Petter Stordalen. Foto: Kenneth.hultgren – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

10Petter Anker Stordalen (60)

Formue: 28,00 mrd

Bransje: Hotell/Reiseliv

Kjelde: Kapital

Oppdatert: fredag 23. september 2022 11.31

LES OGSÅ

ANNONSE