«The Sims» blir gratis

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå og med tysdag 18. oktober blir det mogleg å laste ned det populære spelet The Sims til PC, PlayStation og Xbox heilt gratis.

Det opplyser spelgiganten EA.

The Sims er eit av dei mest populære videospela på verdsbasis, og hadde i 2020 over 200 millionar selde eksemplar. Spelet blei utvikla av Will Wright etter at han mista sitt eige hus i ein brann.

I The Sims kan du byggje hus og lage familiar, som du styrer som ein slags gud.

Utvidingspakkar

I dag kostar sjølve spelet om lag 200 kroner.

Tek.no skriv at EA truleg ønskjer at fleire skal spele The Sims når det blir gratis, og dimed bli freista til å bruke pengar på ein av dei mange utvidingspakkane til spelet.

I dag finst det 59 slike pakkar, som gjer det mogleg å mellom anna lage meir spanande heimar til simane dine.

Frå utvidingspakken til The Sims 4 «Ørkenluksus». Bilete: EA

Jobbar med nyheiter

Har du allereie brukt pengar på The Sims 4 og synest det er surt at du kunne fått det gratis, har utviklaren ei lita trøystegåve til deg òg. Dei som allereie har kjøpt grunnspelet vil nemleg få tilbod om å få utvidingspakken «Ørkenluksus» utan å måtte betale for han.

EA har allereie annonsert at dei arbeider med å lage The Sims 5, men vi veit framleis lite om spelet.

Dei skriv at dei vil dele meir om kva dei jobbar med under ei direktestrøyming, Behind The Sims Summit, 18. oktober på YouTube og Twitch.


Frå venstre: Erik Skar (16), Oliver Mjøen (16) og Kaspar Seip (18). Foto: Wiggo Sunde