Zendaya (24) med historisk Emmy-pris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg veit at tv-serien vår ikkje alltid følest som eit godt døme på det, men det er håp i dei unge. Eg vil berre seie til alle mine likemenn som er der ute i gatene og gjer arbeidet: Eg ser dykk, eg takkar dykk, eg beundrar dykk.

Natt til måndag vart Zendaya Coleman historisk. Den amerikanske 24-åringen er den yngste personen i historia som har fått Emmy-pris for beste kvinnelege hovudrolle i ein dramaserie.

Skodespelaren var nominert saman med Laura Linney i Ozark, Jodie Comer i Killing Eve, Olivia Colman i The Crown, Sandra Oh i Killing Eve og Jennifer Aniston i The Morning Show.

Då vinnaren vart ropt opp var det vill jubel heime i stova:

Zendaya overtek med dette rekorden som yngste Emmy-vinnar av beste kvinnelege hovudrolle frå Jodie Comer, som var 26 år då ho vann same pris i fjor.

21-åring vann yngste mannlege hovudrolle i fjor

Yngste vinnar i kategorien beste mannlege hovudrolle i ein dramaserie er framleis Jharrel Jerome. Den då 21 år gamle skodespelaren vann prisen i fjor for si tolking av Korey Wise i Ava DuVernay sin sterke miniserie When They See Us produsert for Netflix.

Tv-serien er basert på justismordet på ei gruppe unge, svarte gutar, som vart feilaktig tiltalt og dømd for valdtekt på ein kvinneleg joggar i New York 1989.

Jharrel Jerome si sterke tolking av Korey Wise, som berre var 16 år gamal då han vart feilaktig dømd til fengsel for valdtekt gav han Emmy-pris i kategorien beste mannlege hovudrolle i 2019. Foto: Atsushi Nishijima/Netflix

Emmy-prisen for beste mannlege hovudrolle i ein dramaserie gjekk i år til Jeremy Strong, for si rolle i Succsession, som var ein av kveldens store vinnarar.

Yngste kvinnelege birolle i dramaserie sidan 1979

I tillegg til Zendaya, var det også ei anna som vart historisk under utdelinga. Julia Garner har gjort seg bemerka for si rolle i Ozark og 25-åringen fekk prisen for beste kvinnelege birolle i ein dramaserie for si tolking av Ruth Langmore.

Garner vart med det den yngste vinnaren i kategorien sidan Kristy McNichol i 1979 vann for si rolle i tv-serien Family.

Julia Garner i rolla som Ruth Langmore i Netflix-serien Ozark. Foto: Netflix

Frå venstre: Donald Trump i rolla som seg sjølv i Netflix-dokumentarserien «Trump: Den amerikanske drømmen», Julia Lois-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i «Veep» og Alexandria Ocasio-Cortez i Netflix-dokumentaren «Kampen om Kongressen». Foto Netflix, HBO, Netflix