Sommaren 2022 den varmaste som er registrert på Svalbard

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er 0,2 grader høgare enn den førre rekorden frå 2020, melder Svalbardposten.

– I Longyearbyen og på fleire av våre andre vêrstasjonar vart sommaren den varmaste som er registrerte, seier seniorforskar ved Meteorologisk institutt, Kjetil Isaksen.

Han fortel at gjennom dei siste 30 åra har sommaren i Longyearbyen i snitt vorte to grader varmare.

I perioden 1991–2020 var gjennomsnittstemperaturen om sommaren på Svalbard lufthamn 5,5 grader, og for dei siste 10 åra har snittet lege på 6,4 grader.

Også på stasjonane Ny-Ålesund og Isfjord radio vart dei gamle rekordane slått, med høvesvis 6,1 og 6,6 grader som snittemperatur for sommarmånadene sett under eitt.


Les også: Amalie (22) på Svalbard: – Byråkratane i Oslo-gryta skjønar ikkje heilt kva som går føre seg her oppe

Amalie Henriksen på Svalbard. Foto: privat