Denne teikninga kan bli eit offisielt «I voted»-klistremerke i USA

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2016 har amerikansk politikk verka usannsynleg dystopisk. Kuppforsøk, abort-forbod, våpenlobbyen, Amazon, for ikkje å snakke om den 45. presidenten.

Så då Ulster County i delstaten New York skulle arrangere ein konkurranse i å teikne eit nytt «Eg har røysta»-klistremerke, var det nesten uunngåeleg at det skulle gå som det gjekk.

14 år gamle Hudson Rowan teikna eit psykedelisk menneskehovud på ein edderkopp-kropp, og internett sa sånn kjennest det.

@toucannabanana gen z is more powerful tham we ever could have imagined #fyp #foryou #ulstercounty #newyork #ivoted ♬ original sound – Anna

– Det vi alle føler

I skrivande stund har teikninga fått over 155.000 røyster i den opne røystinga. Til samanlikning hadde fjorårets vinnar 500 røyster.

Den republikanske valkommissæren i Ulster County, John Quigley, er ikkje i tvil om at teikninga har treft ein nerve.

– Nokon tvitra «dette er det veljarane føler om politikk nett no», og eg syntest det var nesten den beste måten å oppsummere det på. Det er på ein måte akkurat det vi alle føler om politikk akkurat no, seier Quigley til Times Herald-Record.

Og det er fleire på Twitter som kan relatere seg til teikninga.

Etter alt å døme blir altså dette klistremerket å sjå på brysta til røysteføre i Ulster til hausten. Nokre spekulerer i om det også kan gi ein ekstra boost til valdeltakinga i fylket.

 – Var kjedeleg

Kunstnaren sjølv, Hudson Rowan, seier til Times Herald-Record at han ikkje hadde venta å få så mykje merksemd.

Han fortel at han først teikna ein kladd av hovudet.

– Men den var ganske kjedeleg. Så eg bestemte meg for å gjere den ikkje-kjedeleg ved å legge til beina. Og så tok eg fargehjulet og la til ein heil del med fargar for å gjere den meir livlig og iaugefallande, seier han.

Konkurransen var open for elevar mellom 13 og 18 år. Vel eit dusin bidrag kom inn.


Les også: Didrik (24) var med å sikra Joe Biden sigeren: – Litt lettare å vere stolt amerikanar

Norsk-amerikanske Didrik Cooper Seip har hatt lyst å stemma ved amerikanske val før, men fekk gjort det for fyrste gong i 2020. Foto: Privat