Den afrikanske innlandsstaten Tsjad er ikkje høgt oppe på lista over nordmenns føretrekte reisemål. Men vi kan alle trengje ein guelta i livets ørken.

Ein guelta er ei lomme av vatn i Sahara. Om kjelda er eit utspring av grunnvatn, kan det finnast vatn i gueltaen heile året. Andre stader dreier det seg om noko tilsvarande det vi i Noreg kallar ein kroksjø, vatn som blir liggjande att nær eit elvelaup, fordi elva endrar retning, eller – som vanlegare er i Sahara – tørkar ut i ein periode.

Eit av dei mest spektakulære døma på fenomenet er Guelta d’Archei i Tsjad. Denne store innlandsstaten ligg i skjeringspunktet mellom Nord- og Sentral-Afrika, Vest- og Aust-Afrika. Naturgeografisk har landet tre hovudregionar.   

Frå savanne til ørken

I sør ligg ein del av Den sudanske savannen, som er meir fruktbar enn landet elles. Her lever mange dyr vi gjerne tenkjer på som typisk afrikanske, som sjiraff, løve, leopard og elefant.

Den sentrale delen av landet ligg i Sahel, eit halvtørt belte som strekkjer seg heilt frå Atlanterhavet til Raudehavet, og som kan seiast å utgjera den sørlege breidda av sandhavet Sahara. Her er sumarmånadene våte, året elles temmeleg tørt. Tsjads hovudstad N’Djamena ligg her, ved breidda av Tsjadsjøen, som har gjeve namn til landet.

For 7000 år sidan var Tsjadsjøen heile 330.000 km2 stor (litt meir enn det norske hovudlandet, Svalbard ekskludert). Det seier ein del om kor kraftig forørkninga har vore, når det meste av dette arealet, det såkalla Tsjadbekkenet, i dag er å rekne for ein del av Sahara.

Tsjadsjøen har krympa drastisk dei siste tiåra. Illustrasjon: Philippe Rekacewicz/UNEP/Grid Arendal

Sjølve Tsjadsjøen dekkjer no under 18.000 km2, eit mykje mindre areal enn for berre eit halvt hundreår år sidan (det skal riktig nok seiast at arealet er i kontinuerleg endring, på grunn av dei store skilnadene på regntida og året elles).

I alle høve er Tsjadsjøen Afrikas nest største våtmarksområde, og har stor tyding både økologisk og som drikkevasskjelde for Tsjad, Niger, Nigeria og Kamerun, som alle har breidd mot sjøen.

Guelta d’Archei, derimot, ligg langt inne i den nordlegaste og største av Tsjads geografiske og klimatiske regionar, Sahara.

Kvilestad

Her oppe er busetjinga svært spreidd, og nedbøren kjem berre i marginale mengder kvart år. Likevel finst altså lunger av vatn, som Guelta d’Archei. Ordet «oase» er kanskje ikkje heilt feil, men blir oftare brukt i vestlegare delar av Sahara.

Guelta d’Archei ligg i Ennedimassivet, eit sandsteinområde gjennomskore av mange elveleie eller såkalla wadiar, som har greve ut fleire djupe gjel eller canyons.

Ennedi står på UNESCOs verdsarvliste, ikkje minst på grunn av den eldgamle bergkunsten som finst her. Desse prova på langvarig menneskeleg nærvær seier også noko om at klimaet i fortida har vore svalare og venlegare.

Foto: © Comité Technique/ Sven Oehm/Unesco

Guelta d’Archei er ein kjærkomen stoggestad for karavanar på veg gjennom ørkenen. Nesten dagleg sløkkjer hundrevis av kamelar torsten her.

Vatnet er riktig nok svart som konsekvens av enorme mengder kamelekskrement, men ikkje di mindre sym Saharas siste krokodillestamme ikring her.

Det er vanskeleg å førestille seg i dag, men Guelta d’Archei ligg ikkje langt unna breiddene av den forhistoriske Tsjadsjøen. Med tida vart ørkenkrokodillane stendig meir isolerte, og innsnevringa i genmateriale har mellom anna gjort dei mindre enn andre krokodillar. Saharas siste løver fanst òg i denne regionen, men ingen av deira art er sett her sidan 1940.

Ei ørkenkrokodille lurer i Guelta d’Archel. Foto: David Stanley/Flickr/CC BY 2.0

Krevjande situasjon

Å koma seg til Guelta d’Archei er diverre ikkje gjort i ei handvending. Det finst ein flyplass i byen Faya-Largeau, som ikkje ligg så skrekkeleg langt unna, men her er det nesten berre militærfly som landar.

Vanlegare – ikkje at det på nokon måte er vanleg å reise som turist til Tsjad – er det å fly til N’Djamena og så køyre i rundt fire dagar gjennom grisgrendte og brennheite område, før den siste biten må tilbakeleggjast utan skikkeleg veg under hjula. 

Guelta d’Archei i Tsjad. Foto: Valerian Guillot/Flickr/CC BY 2.0

Diverre har Tsjad ein del utfordringar no om dagen. Den interne politiske og militære uroa har rot mellom anna i om motsetnader mellom det nordlege, muslimske Tsjad og den sørlege, hovudsakeleg kristne delen av landet.

Men det hjelper ikkje på at Tsjad ikkje har eitt einaste granneland som kan seiast å vera trygt og stabilt – den vakre rekkja er Libya, Niger, Nigeria, Kamerun, Den sentralafrikanske republikken og Sudan. For å ta Sudan som døme: Her er det regionen Darfur som grensar mot Tsjad, og han har vorte nærast synonym med svoltkatastrofe, folkemord og menneske på flukt.

Tsjad er riktig nok rikt på naturressursar – mellom anna eksporterer landet ein del olje – men omfattande korrupsjon og politisk kaos som grensar mot anarki, har bidrege til at levestandarden gjennomgåande er svært låg.

Det hjelper ikkje på at Tsjad er av dei landa i verda som er hardast råka av klimaendringar: Som vi allereie har vore inne på, blir det ikkje akkurat kaldare i landet. Når ein stor del av innbyggjarane finn livsopphaldet sitt i primærnæringar, er tørre tider synonyme med krisetider.

Alt i alt kan det synast å vera mange gode grunnar til ikkje å ta turen til Guelta d’Archei. Men eg ville heller ha spurt meg sjølv: Har eg no eigentleg noko betre å gjera?


Biletet syner Shibam med Hadhramut-fjella i bakgrunnen.
Foto: Jialiang Gao www.peace-on-earth.org/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0
ANNONSE