House of the Dragon set ny strøymerekord
Den første spinoff-serien frå Game of Thrones sanka mange sjåarar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag var det duka for første episode av House of the Dragon, den første av fleire planlagde spinoff-seriar frå Game of Thrones.
Trass den omdiskuterte avslutninga på GOT-æraen, så var sjåarane klare for å besøke George R.R. Martin sitt univers igjen: Heile 10 millionar amerikanarar såg den første episoden, då han vart tilgjengeleg i USA søndag kveld.
Det er det høgste sjåartalet for ein HBO-premiere nokosinne.
Har du sett House of the Dragon?
Har du sett House of the Dragon?
Føregår 200 år før GOT
Handlinga i House of the Dragon er sett nesten 200 år før handlinga i Game of Thrones. I serien regjerer framleis Targaryen-familien med drakane sine, men ein tronstrid ulmar.
Kven skal sitje på trona etter kong Viserys – bror hans prins Daemon Targaryen eller dottera prinsesse Rhaenyra Targaryen?

Til no har serien vorte godt teken i mot: Hjå Rotten Tomatoes, som samlar kritikarmeldingar, får serien 82 prosent av 100 mogelege, og hjå Metacritic får han 69 av 100 mogelege.
Filmpolitiet-meldar Marte Hedenstad meinte det er mykje som provoserer i serien, men slo fast at når det er ramma inn av eit velskrive manus, dyktige skodespelarar og eit imponerande serieunivers «så blir den totale pakka skikkeleg god TV».
- Var du provosert over korleis Game of Thrones enda? Sjekk om du let deg overtyde om at det var slutten verda trong!
Quiz: Kan du nok høgvalyrisk til å hive deg inn i tronkampen?
