Då eg var 20: Håvard Tvedten leverte post på Haakonsvern

Samstundes pendla han til Stord og drøymde om profflivet på handballbana.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.02.2021 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg visste eg skulle verte handballproff. Det var det ingen tvil om, fortel Håvard Tvedten på e-post til Framtida.no.

20-årige Tvedten tvilte aldri, og fekk også rett.

Før han la handballskoa på hylla for dryge fem år sidan, hadde Tvedten spelt i både Danmark og Spania, og scora over 800 mål med det norske flagget på brystet.

Han hadde vunne Europacupen med spanske BM Valladolid og vorte dansk mester med Aalborg, samt plukka med seg individuelle merittar som å verte kåra til beste venstrekant i VM i 2011.

Tvedten har likevel ikkje lege på latsida etter at han takka for seg som toppidrettsutøvar, og er no aktuell i siste sesongen av Mesternes mester, der han målar krefter mot andre norske idrettsheltar.

Fremste rad frå venstre: Aksel Lund Svindal, Linda Medalen, Genette Våge, Cecilie Leganger, Anne Margrethe Hausken Nordberg. Bakre rad fra venstre: Håvard Tvedten, Synnøve Solemdal , Johann Olav Koss, Magnus Midtbø, Øystein Pettersen. Foto: Sondre Transeth, Rubicon TV/NRK

Men då han var 20 år var framleis profflivet og landslagsdebut nokre år unna, og Tvedten pendla heim til Stord for å spele handball.

Stod opp kl. 05.00 for å byggje musklar for profflivet

I 1998 var Håvard Tvedten 20 år gammal og var i militæret på Haakonsvern i Bergen.

–Eg jobba som intern postbod og køyrde rundt med både brev og pakkar til dei ulike båtane og stasjonane i militærleiren, fortel Tvedten.

Mellom vidaregåande og militæret hadde han rokke å arbeide nokon år, mellom anna på eit sveiseverk. Men kvardagen var elles fylt av trening og handball.

– Eg brukte det året på å byggje musklar, og stod opp 05:30 kvar dag for å trene styrke og springe før vakt. Så pendla eg mellom Bergen og Stord for å trene med laget. Vart jo 6-7 kilo musklar ekstra som kom godt med då eg skulle ut i profflivet.

Dei viktigaste personane i kvardagen var bergenskompisane Bjørn og Bjarte, og lydsporet til året var variert:

– Eg høyrte veldig mykje forskjellig musikk. Alt frå Tupac til Shania Twain. Hadde med Discmanen min over alt.

Gløymde sin eigen bursdag

– Hugsar du kva som skjedde det året?

– Dette var jo i 1998/99, så då kom vel Windows 98, svarar Tvedten humoristisk.

– Lurer på om det ikkje var då Lewinsky-skandalen braut ut i USA! Elles så rykka vi opp til eliteserien i handball med Stord!

Opprykket til Stord Handball er det sterkaste minnet Håvard Tvedten har frå då han var 20 år gammal. Laget tok seg frå 1. divisjon til eliteserien, der dei klarte å halde seg i tolv strake sesongar, sjølv etter Tvedten sette kursen mot danske AaB Handbold to år seinare.

– Det var noko eg hadde jobba med og for i mange år, saman med lagkameratane mine. Det var stort! minnest Tvedten.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

–Eg hadde bursdag på sommaren, og då var vi ofte på turnering med ungdomslandslaget. Vi var i Sverige trur eg, og eg hadde ikkje sett på telefonen på nokre dagar. Då eg endeleg ringde heim, så fekk eg jo vete eg at hadde hatt bursdag for tre dagar sidan, fortel Tvedten og legg til:

– Så ikkje full fest med andre ord. 

Draumen om Spania og landslaget

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg såg føre meg å spele i Spania og på landslaget. Levde veldig der og då, i noet, men tenkte jo mykje på korleis livet mitt kom til å verte. Om eg kom til å oppnå draumane mine, kven eg skulle gifte meg med og korleis borna mine ville sjå ut.

Men sjølv om han grubla mykje var Tvedten aldri uroa, og såg lyst på framtida.

Sjå Tvedten-straffa som gjekk verda rundt: 

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Sikkert at eg var veldig umoden og kanskje også litt naiv, men samstundes at dette er ein som har tydelege mål, og som gjer det som skal til for å nå dei, svarar Tvedten.

– Elles trur eg nok at eg hadde tenkt at dette var ein hyggeleg fyr som behandla alle med respekt.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Hald fram med å setje deg mål og draumar for framtida, men sørg for å også vere dønn tilstades i livet som er her og no.


Bilete til venstre syner Karen Marie Ellefsen (t.v) saman med systera Arna Oddveig, som er 3 år yngre. Foto: Privat