Sunniva M. Roligheten (22) får Saabye-stipendet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Favorittboka til faren min er Beatles. Så eg vaks opp med at du er den store forfattarguden heime. Så dette er ganske merkeleg, men sjølvsagt veldig, veldig gøy.

Det sa Sunniva M. Roligheten (22) då ho i dag fekk Saabye-stipendet tildelt av forfattar Lars Saabye Christensen.

– Ei heilt eiga stemme

22-åringen frå Larvik har tidlegare markert seg som leiar for Operasjon Dagsverk. Ho fekk prisen for debutromanen Når alt er av papir, som kom ut på Cappelen Damm i fjor.

Saabye-stipendet vart oppretta i samband med Saabye Christensen sin 60-årsdag i 2013. Kvart haust deler forlaget ut eit stipend på 25.000 kroner til ein av forlagets debutantar innanfor vaksen skjønnlitteratur.

Framtida.no sin bokmeldar meinte «boka har ei heilt eiga stemme, og forfattaren viser ei kraftig evne til refleksjon». Les heile meldinga her.

Til Framtida avslørte Sunniva M. Roligheten kven ho skulle sett i ei eventuell filmatisering av sin første roman:

– Lett! Det må bli Hanna Ardéhn frå den svenske serien Quicksand – Størst av alt.


Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40–50 kilometer å sykla ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat