Musikkdagboka: Lexus si største konsertoppleving var i Sommarland
Der spelte Ravi. Men det er likevel Kanye West han ville stått fast i heisen saman med.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aleksander Myrene, òg kjend som Lexus, er eine halvdelen i rapgruppa Louilexus. Foto. Joakim Riise
Lexus, eller Aleksander Røys Myrene som 25-åringen eigentleg heiter, er del av rapduoen louilexus frå Volda.
Dei sleppte sin første EP i 2017, og har sidan den gong spelt på festivalar rundt omkring i heile landet og varma opp for Kjartan Lauritzen.
Men hans eiga største konsertoppleving er av det litt meir uventa slaget:
– Ravi på Sommarland i Bø då eg var sånn 10, slår Lexus fast på e-post til Framtida.no.

Ravi, som eigentleg heiter Ivar Johansen, er den største konsertopplevinga til Lexus. Foto. Manxruler/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0
Lexus har sjølv studert musikkproduksjon og brukar minst to-tre timar kvar einaste dag til å lytte til musikk.

Favorittsjanger:
– Norsk rap!
Favorittband/artist:
– Kendrick Lamar!

Favorittlåt:
– Laugh Now Cry Later av Drake.
Første album du kjøpte sjølv:
– Ein vinyl av Lana Del Rey, «Born To die».

Foto: Thomas Hawk:/Flickr/CC BY NC 2.0
Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
– God blanding av det alle andre høyrde på med ein god neve guilty pleasures eg hadde for meg sjølv.
Kva syng du i dusjen?
– Godspeed av Frank Ocean.
Verdas beste kjærleikslåt:
– Self Control!
Beste treningslåt:
– STOPP EN HALV av Ka2.
Guilty pleasure:
– A Day To Remember.
Verdas mest undervurderte band/musikar:
– Åse!!!
Åse, som er artistnamnet til Åsmund Halleraker, har mellom anna låten Burde Gjort saman med louilexus:
Kven er din draume-duettpartnar, og kva låt skulle de teke?
– Ludwig Göransson, noko sjukt groovy.
Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?
– Circles av Post Malone.
Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?
– Lett, Kanye West, og sikkert masse om å flippe samples.

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

Glad: – ka2!
Lei meg: – Frank Ocean.
Sint: – Nat King Cole.
Treng ein sjølvtillitsboost: – Dagny.
Les også: Beharie ville ha stått fast i heisen med Freddie Mercury og syng aldri i dusjen (!)