Kommisjon vil heve terskelen for kva som er straffbare ytringar
Toleranse bør inn i Grunnlova, og det bør ikkje lenger vere straffbart å kalle ein politimann for «kålorm», meiner Ytringsfrihetskommisjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag la leiaren av kommisjonen Kjersti Løken Stavrum fram rapporten «En åpen og opplyst offentlig samtale» for ein fullsett storsal på Arendalsuka.
– Vi treng større toleranse og meir mangfald i ytringsrommet, slo ho fast, før ho overleverte rapporten til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).
Beste garanti
Rapporten er resultatet av to og eit halvt års arbeid. Ein inkluderande ytringskultur er eit felles ansvar, og fleire må engasjere seg, meiner kommisjonen. 17 medlemmer slår einstemmig fast at den beste garantien for reell ytringsfridom er eit sterkt og mangfaldig sivilsamfunn og eit fornuftig regulert ytringsrom.
Ei offentlegheit med høg grad av tilgjengelegheit og låg terskel for å delta vil tene alle, meiner kommisjonen.
Den meiner også at det er vanskeleg å seie kor utbreidd mykje omtalte innskrenkingar som kanselleringskultur og scenenekt er i Noreg.
- Les også meiningsinnlegget: «I ei årrekke har vi sett folk med klippekort i media påstå at dei blir sensurerte»
Vil endre Grunnlova
Tilrådingane frå kommisjon omfattar mellom anna at Grunnlova bør endrast og at orda «toleranse» og «mangfold» blir ein del av grunngivinga i Grunnlovas paragraf 100, som sikrar at alle har rett til ytringsfridom og tilgang til offentleg informasjon.
Ytringsfridomskommisjonen vil også heve terskelen for kva ein kan seie til politiet og foreslår å endre paragrafane 156 og 265 i straffelova, som straffar skjellsord mot offentlege tenestepersonar eller særleg utsette yrkesgrupper.
– «Tulling», «jævla idiot» og «kålorm» er nyare døme på ytringar som har vorte straffa når dei blir ytra mot politiet, seier Løken Stavrum.
Hatefulle ytringar
Også paragrafen om hatefulle ytringar, paragraf 185 i straffelova, blir foreslått endra. Ifølgje Løken Stavrum er paragrafen gammaldags formulert og vanskeleg å forstå.
– Vi foreslår endring av ordlyden for å gjere den meir forståeleg og gjere kva tydeleg som faktisk er straffbart, sa Stavrum.
Men forbodet mot hatefulle ytringar må bestå, meiner kommisjonen
– Noreg er menneskerettsleg forplikta til å ha eit strafferettsleg vern mot hatefulle ytringar, heiter det i rapporten.
90 tilrådingar
I den 322 sider lange rapporten kjem kommisjonen med over 90 tilrådingar. Ytringspilotar, ein digital hjelpeportal og ein eigen Skolesekk for ytringsfridom er blant dei.
Kommisjonen foreslår også at det blir oppretta eit ytringsfridomsråd i Noreg som ei uavhengig stifting.
– Rådet kan saumfare verksemda til dei store plattformselskapa på internett og skape ei langt meir løpande oppdatering av kunnskapsgrunnlag og vurdere tilstanden, seier Løken Stavrum.
I tillegg vil kommisjonen fjerne forbodet mot politisk reklame på TV. Mykje har skjedd sidan forbodet vart innført i 1999, ifølgje kommisjonen.
– I dag er mediebiletet radikalt annleis. Når fjernsynsmediet ikkje lenger har ein nøkkelposisjon, medan politisk reklame i levande bilete opptrer i andre kanalar, er det også vanskelegare å forsvare forbodet, heiter det i rapporten.
Alle tilrådingane er einstemmige.
– Hjarteskjerande påminning
Ifølgje Trettebergstuen kunne ikkje rapporten ha komme på eit betre tidspunkt. Ho viste til angrepet i helga på forfattaren Salman Rushdie.
– Det var ei hjarteskjerande påminning om kor viktig, men samtidig kor sårbar ytringsfridommen er. Ei påminning om at vi er nøydde til å kjempe saman for å ta vare på ho, stå skulder ved skulder og slå ring om den grunnleggjande retten ytringsfridommen er, sa ho og påpeika at det er første gong sidan 1999 det er gjort ein full gjennomgang av statusen til ein av dei mest grunnleggjande rettane vi menneske har.
– Det er vanskeleg å skulle overvurdere betydninga av det. Denne rapporten blir viktig framover, og vi skal bruke tid på han, lova ho.
Rapporten blir no sendt ut på høyring.
- Les også meiningsinnlegget: «I Noreg er ytringsfridomen vorten ei slags heilag ku»