Over halvparten av amerikanarar vil ha øvre aldersgrense for folkevalde

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg skreiv NRK om generasjonskrigen i amerikansk politikk, og spør: «Kvifor er det nesten berre eldgamle politikarar i USA?»

Snittalderen på amerikanske senatorar er 64 år og president Joe Biden er med sine 79 år den eldste amerikanske presidenten gjennom tidene.

70 års aldersgrense

I ei undersøking frå januar i år svarar heile 58 prosent av amerikanarar at det burde vore ei aldersgrense for folkevalde.

Brorparten av meiner at aldersgrensa burde vera 70 år. Om ei slik aldersgrense vart innført ville 30 prosent av senatorane i USA måtte forlate postane sine. Det viser utrekningar frå YouGov, som har gjort undersøkinga.

 

Republikanske veljarar er noko meir positive til øvre aldersgrenser, enn demokratar. Joe Biden (79) sit som president for demokratane og i denne gruppa er 57 prosent for ei øvre aldersgrense, medan 64 prosent av republikanarar svarar det same.

Mellomval

Denne hausten er det mellomval i den amerikanske Kongressen. Alle dei 435 ordinære medlemmane i Representantenes hus er på val, i tillegg til 35 senatorar.

Det er ikkje noko øvre aldersgrense, men i USA må ein vere minimum 35 år for å verte president, 30 for å verte senator og 25 år for å verte vald inn i Kongressen.

Denne veka melde VG om at 28 år gamle Cara Mund stiller til kongressval for demokratane i North Dakota.

Miss Amerika 2018 Cara Mund har annonsert at ho vil stilla til val i Kongressen for å sikre retten til abort. Foto: Fort George G. Meade Public Affairs Office, Wikimedia Commons (CC BY 2.0)

Unge 50-åringar

Tidlegare president Jimmy Carter, som sjølv er demokrat, tok i 2019 til orde for ei aldersgrense på presidentvervet.

– Om eg var berre 80 år gamal, om eg var 15 år yngre, trur eg ikkje at eg kunne teke på meg pliktene eg hadde som president, sa Carter, som i dag er 97 år gamal.

Nancy Pelosi (82) er leiar for representantenes hus, men ho er langt ifrå den eldste folkevalde. Dianne Feinstein, som òg representerer det demokratiske partiet i same del av Kongressen er 89 år gamal.

Den republikanske senatoren Chuck Grassley følgjer hakk i hel og fyller 89 seinare i år.

USA-ekspert Sofie Høgestøl peikar på at grensene for kva som vert rekna som ungt, har endra seg i takt med ei stadig eldre gruppe folkevalde.

– Ikkje berre pushar dei 70, dei pushar 80 dei som leier begge partia. Då verkar du plutseleg pur ung som 50-åring, seier ho til NRK.


Les også: Abort-aktivist (19) vart bodyshama av politikar – samla inn 13 millionar til abortrettar

Kollasj av Matt Gaetz og Olivia Julianna. Foto: Presse/gaetz.house.gov og Gen-Z for Change