Opnar for å selje mat på TikTok

Gjennom videoar på TikTok har brukarar hatt moglegheita til å selje produkt direkte frå videoar eller livesendingar. No utvidar videoappen med sal av fersk mat.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Nationen.

Salet av mat vil i første omgang gå føre seg i Storbritannia, der det vil bli mogleg å kjøpe mat frå frå ulike kjeder som sel ferske produkt.

– TikTok har gjort det enklare enn nokon gong for matmerke og skaparar å bli oppdaga, og vi har eit aktivt fellesskap av matelskarar på plattforma. Å gjere det mogleg for ferskvaremerke og -skaparar å selje direkte til fellesskapet vårt gjennom ein saumlaus transaksjon på TikTok Shop er eit logisk neste steg, seier Patrick Nommensen, direktør for kommersielle operasjonar i TikTok, i pressemeldinga.

Ifølgje Nommensen vil salet, som starta opp 1. august, fungere som eit springbrett for nye matvaremerker på markedet.

TikTok-handel – bør vi få det i Noreg?

TikTok-handel – bør vi få det i Noreg?

Så klart! Treng snart ikkje andre appar enn TikTok0
Ja, men ikkje for mat1
Skeptisk!1
Eg likar å gå i fysisk butikk, eg2
Svar totalt: 4

Skjermdump TikTok. Illustrasjon: Canva