Den offisielle trollmannen på New Zealand får ikkje lenger betalt for å kaste sin magi over byen Christchurch.
mm

Etter 23 år som truleg den einaste løna statstrollmannen i verda, står Ian Brackenbury Channell no med (trollmanns)hatten i handa.

Byen Christchurch på New Zealand har sidan 1998 betalt han 16 000 newzealandske dollar i året for å utføre «trolldom og andre trolldomsliknande tenester». Men no er det slutt, trollmannen er trylla bort frå løningslista, skriv The Guardian.

Byen skal ifølgje BBC no gå i ei meir moderne og mangfaldig retning.

Magi til heile nasjonen

Den 88 år gamle trollmannen heiter eigentleg Ian Brackenbury Channell og er fødd i England. Han starta med trolldom på offentlege stadar på New Zealand etter at han kom til landet på 70-talet. Trollmannen byrja å snakke frå ein stige på Cathedral Square i byen. Folket protesterte då styresmaktene prøvde å stoppe han, og i staden for at han blei fjerna, blei det gjort om til ein offentleg taleplass.

Channell har vore offisiell trollmann i Christchurch sidan 1982, og i 1990 blei han til og med spurt om han ville bli «trollmannen av New Zealand» av dåverande statsminister Mike Moore.

– Eg er uroa over at trolldomen din ikkje er tilgjengeleg for heile nasjonen, skreiv statsministeren i eit brev.

Ikkje riktige «vibbar»

Trollmannen har blitt ein kjent turistattraksjon i byen Christchurch, og har mellom anna framført regndansar under tørkeperiodar. Men, han har òg skapt kontroversar med måten han snakkar om kvinner. Channell har mellom anna sagt at ein ikkje bør slå kvinner, for dei får så lett blåmerker, og då hamnar ein i trøbbel.

Channell har fortalt loklale medium at han mistar trollmannsløna fordi han ikkje lenger passar til «vibbane» i byen, fordi han er ein provokatør.

– Dei er ein gjeng med byråkratar utan fantasi, seier han til newzealandske Stuff, og held fram:

– Dei tenkjer ikkje på måtar å marknadsføre Christchurch i utlandet. Dei projiserer berre eit bilete av kaffelattedrikkande byråkratar på boulevarden.

Sjølv om han no må trylle fram pengar frå ein annan stad, kan innbyggjarane i Christchurch framleis glede seg over trollmannen sin. Channell fortel Stuff at han vil halde fram som han alltid har gjort.

– Dei må drepe meg for å stoppe meg.


Foto: Colourbox//Skjermdump NRK//Marit Hommedal /NTB//Kollasj: Framtida.no

LES OGSÅ

ANNONSE