Musikkdagboka: Nelly Moar syng Whitney Houston i dusjen, og vil at «Freak out!» skal spelast i gravferda si

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 24.08.2022 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nelly Moar vert omtala som Bergen si nye RnB-dronning og superstjerne. Artisten fullførte nettopp ein bachelor i utøvande jazzvokal på Griegakademiet. Då kjem det kanskje ikkje som noko overrasking at ein av favorittsjangrane hennar er RnB.

– For tida høyrer eg mest på RnB, men elskar soul/jazz og pop, seier Nelly Moar.

Jazz starta ho allereie å høyre på som tenåring.

– Eg høyrde på masse fet musikk som tenåring! Var då eg verkeleg begynte å interessere meg for jazz! Eg høyrde på alt frå Lady Gaga til Kate Bush og Sarah Vaughan!

Det kan variere veldig kor mykje Moar høyrer på musikk i løpet av ein dag. Nokre dagar sjekkar ho ut musikk i mange timar, medan andre dagar høyrer ho berre nokre få låtar på bussen. Dette er nokre av hennar favorittar!

Favorittband/artist:

Står mellom Joyce Wrice og Daniel Caesar!

Favorittlåt:

Chandler – Joyce Wrice

Første album du kjøpte sjølv:

Sugababes – Taller in Most Ways! Push the Button gjekk på repeat ei god stund, kan framleis hele teksten utanåt.

Kva syng du i dusjen?

Whitney Houston – I Have Nothing er min go to dusj-låt! Elskar å «waile» for full hals, veit ikkje kva dei eg bur med tenkjer om det.

Verdas beste kjærleikslåt:

In a Sentimental Mood – Duke Ellington. Den aller finaste kjærleikslåten eg veit om!

Beste treningslåt:

One Kiss – Dua Lipa. Den gjer meg alltid gira og klar for ei kvar utfordring!

Guilty pleasure:

Happiness – Alexis Jordan.

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Bilal er megafet, han fortener å komme ordentleg opp og fram!

Di største konsertoppleving:

Å, har så mange kule konsertopplevingar! Ghost-Note på nattjazz no i mai var rått, og Beharie på Havrommet i fjor sommar var nydeleg!

Kven er din draume-duettpartnar – og kva låt skulle de teke?

My Funny Valentine saman med Chet Baker! Har vore besett av han sidan alltid!

Kva låt skulle du ynskja du hadde laga?

All I want for Christmas is you, ikonisk julelåt! Og det å få vere Mariah Carey i musikkvideoen, ein draum!

Kva for artist (levande eller daud) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

Duke Ellington! Kvar einaste låt han har skrive er gull, han er ei legende! Eg ville spurt han om komposisjonsteknikkar, og korleis det var å spele med jazzens største legender.

Om du fekk vere med på «Hver gang vi møtes», der deltakarane er både norske og internasjonale: Kva for artistar ville du delteke med?

D’Angelo, Bob Dylan og Cher. For ein gjeng det hadde blitt!


Kva for ein av låtane dine drøymer du om å høyre tolka av kva for ein artist?

Hadde vore megarått å høyrt D’Angelo tolke låten min Rather Be Alone.

Kva låttolking ville du sjølv spelt for ein annan av artistane?

Eg ville tolka låten til Cher – Believe.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

My funny Valentine! Det var bryllaupslåten til foreldra mine, og har alltid hatt ei spesiell plass i hjartet mitt!

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Freak out!

Kva låt har du dilla på no?

Alt som Joyce gir ut er helt fantastisk! Elskar låten hennar On One!
… glad: 1 Thing av Amerie er ei så sinnsjukt fet låt. Rå vokalar, og ein utruleg bra produksjon. Om eg allereie er i godt humør, blir eg ekstatisk av å høyre denne låten.

… lei meg: Me, myself and I av Beyonce. Lar meg kjenne på triste kjensler, samtidig som det bringar fram litt sjølvtillit og håp.

… sint: Without Me – Eminem (haha)

… treng ein sjølvtillitsboost: Iced Tea – Joyce Wrice!


Les også: Musikkdagboka: Resa Saffa Park syng Miley Cyrus i dusjen og drøymer om duett med Tony Bennett

Resa Saffa Park er artistnamnet til skodespelar Theresa Frostad Eggesbø. Foto: Kristian Engelsen