Tidlegare politi vart dømt til 2,5 år i fengsel for drapet på George Floyd

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 01.08.2022 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thomas Lane, ein av dei fire politimennene som vart sikta for drapet på George Floyd 25. mai, 2020, vorte dømt til 2,5 år i fengsel.

Det skriv nyhendebyrået Al Jazeera.

Drapet starta ei bølgje med protestar mot rasisme frå politiet, ikkje berre i USA men over heile verda.

Dømt for å ikkje gi medisinsk hjelp

Politimannen Lane vart dømt for å ikkje gi medisinsk hjelp til George Floyd medan Floyd vart pressa i bakken, og drepen, av tidlegare politibetjent Derek Chauvin i mai 2020.

Føderale påtalestyresmakter hadde bede om straff på opp til 6,5 år i tråd med føderale retningsliner. Advokaten til Lane, Earl Grey, bad om ei straff på litt meir enn to år. Han argumenterte for at Lane var den minst skuldige av dei fire politimennene, og at Lane hadde gjort det han kunne for å hjelpe Floyd.

– Fornærmande

Broren til Floyd, Philonise Floyd, håpte dommaren ville gi høgast mogleg straff og reagerte med sinne då han fekk høyre dommen.

– Det er fornærmande at han ikkje fekk høgaste moglege tidsramme, skal han ha sagt.

Han meiner det ikkje stemmer at Lane gjorde det han kunne for å hjelpe Floyd, og viser til at ingen av politimennene prøvde å leggje bror hans i ei anna stilling, eller tilkalla hjelp.

Lane har tidlegare sagt at han ikkje visste kor alvorleg situasjonen var før ambulansearbeidarane snudde Floyd rundt, og skal ha foreslått å leggje han i sideleie så han fekk puste før dette.

Chauvin sit i fengsel og har starta soninga på til saman 43,5 år. Dei to andre politimennene ventar på dom og skal i retten frå oktober 2024.

Les også: – Tek eit oppgjer med rasismen i skulen: Vi har vore den brune jenta i skulegarden

Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no