Skytinga i Oslo prega elleveårsmarkeringa for 22. juli

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tre datoar på elleve år er tre for mange, vi treng ikkje fleire datoar å hugse på, sa nestleiar Tor Inge Kristoffersen i den nasjonale støttegruppa for 22. juli då han opna markeringa i regjeringskvartalet.

Han viste til drapet på Johanne Ihle-Hansen og angripet på Al-Noor-moskeen i Bærum 10. august 2019, og skytinga i Oslo 25. juni i år.

Overlevande tilstades

Det er elleve år sidan 77 menneske vart drepne i to terrorangrep 22. juli 2011. Åtte menneske vart drepne i regjeringskvartalet, og 69 vart drepne på AUFs sommarleir på Utøya.

Overlevande, pårørande og ei rekkje statsrådar var til stades på det som vart ei regntung markering i regjeringskvartalet.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), som begge var på Utøya 22. juli 2011, var til stades. Det same var dåverande statsminister Jens Stoltenberg.

Jens Stoltenberg kjem til minnemarkeringa i regjeringskvartalet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Støre med oppmoding til muslimar

Også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tok opp skytinga i Oslo.

– Natt til 25. juni – dagen då vi skulle markere pride i Oslo, skaut ein mann mot uskuldige menneske i den varme sommarnatta nede i gata her. Dei vart offer, mange av dei høgst truleg fordi dei feira retten til å elske den ein vil. Og gjerningsmannen var høgst truleg motivert av islamistisk ekstremisme.

I fjor vende Støre seg til høgresida og bad dei heve stemma og trekkje klare grenser mot høgreekstreme. I år gjentok han bodskapen, men retta mot ei anna gruppe.

– Derfor vender eg meg i dag til dei moderate stemmene – det store fleirtalet i muslimske miljø – og ber dei snakke ut mot både haldningane og handlinga, og igjen snakke tydeleg til dei delane av befolkninga som lyttar spesielt til dei, sa han.

Jonas Gahr Støre heldt tale under minnemarkeringa i regjeringskvartalet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Umogleg å ikkje bli sint

Mange kjenner på frykt og sinne etter denne sommaren, sa AUF-leiar Astrid Hoem.

– Det gjer også eg. Det er umogleg å ikkje bli sint når hatet tek liv. Når skota er fyrte av, er det for seint å førebyggje dei. Når hatet har teke liv igjen, er det for seint å seie frå. Vi kan ikkje la det ekstreme bli normaliserte. Historia har vist at det ekstreme kan snike seg inn i kvardagen vår utan at vi klarer å stanse det. Vi har ikkje råd til å la det skje igjen, sa ho i talen sin.

Mange følar frykt og sinne etter denne sommaren, sa AUF-leiar Astrid Hoem med tilvising til skytinga i Oslo 25. juni. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

4.019 dagar med tomme stolar rundt middagsbordet har gått sidan terrorangrepa 22. juli 2011, sa Lisbeth Røyneland, leiar i støttegruppa.

Ho meiner at noko av berøringsangsten rundt 22. juli er vorte borte.

– Då eg stod her i fjor, spurde eg «kva ville dei som ikkje er her i dag, tenkje om oss i dag?». Eg trur dei ville vorte stolte av å sjå at noko av berøringsangsten rundt 22. juli har vorte borte. Vi har vorte modigare i møte med hatet, sa ho og understreka at mange framleis har det vondt.

Musikkinnslag og kransenedlegging

Daniela Reyes stod for musikkinnslaga og framførte mellom anna «Ballongvisa», skrive av mora Maj Britt Andersen.

Det var også namneopplesing og kransenedlegging ved minnesmerket ved Høyblokka.

Mellom klokka 10 og 18 vil Oslo domkyrkje vere open, og det blir tenning av lys og musikkinnslag. I kyrkja er prestar og diakon til stades gjennom heile dagen.

Markeringa på Utøya startar klokka 16.