Jonatan (13) og Per (13) gjekk 120 km åleine

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då den andre verdskrigen herja, og Noreg var okkupert, var det fleire som måtte leggja ut på flukt. Over 10 000 av dei flykta gjennom skogane mellom Oslo og svenskegrensa.

Nær 70 år seinare valde 13-åringane Jonatan Witnes Ertresvåg og Per Castracane Østli å prøva seg på den same ruta som mange av flyktningane gjekk. Frå turen skreiv dei to gutane ei dagbok, som kan du lesa hjå Harvest.

Ruta Ertresvåg og Østli gjekk blir kalla Flyktningeruta. Det var Ertresvåg si familiehistorie som sette gutane på idéen om å gå denne turen.

– Oldemor mi var grenselos under krigen. Det synest eg er ei veldig spennande forteljing, fortel Ertresvåg.

Då krigen braut ut valde oldemora hans – som då heitte Marit Nesset og seinare blei gift Witnes – å hjelpa flyktningar over svenskegrensa. Det gjorde ho i fire år, fram til ho sjølv måtte flykta.

Krevjande tur

Foto: Privat

Flyktningeruta er 12 mil lang og startar ved Skullerudstua i Oslo. Ruta kryssar både innsjøen Øyeren og riksgrensa. Til slutt endar ein opp ved Grenselosmuseet på den norske sida av grensa.

Delar av turen går i krevjande terreng. Til samen er det meir enn 2700 høgdemeter å klatra opp og ned.

– Me møtte nokon som sa at på grunn av det kuperte terrenget i Østmarka, så tel ein ikkje kor mange meter ein har gått, men kor mange timar ein har bruka, seier Østli.

Sjølv om båe to er friluftsvande og har vore mykje ute i villmarka var dette noko nytt og meir strabasiøst enn det dei har gjort før.

– Terrenget var uvant. Me måtte læra oss å bruka lang tid på å gå, fortel Ertresvåg.

Likevel er det utruleg kva ein kan få til viss ein førebur seg godt. Det har blitt mykje planlegging. Dei to 13-åringane byrja å planleggja turen allereie i i vinter. Informasjon om ruta fann dei hjå UT.no

– Me visste at no hadde me klart å gå heile Flyktningeruta

Både Ertresvåg og Østli trekkjer fram den siste etappen som eit høgdepunkt.

– Eg kjem til å hugsa då me kom fram til Grenselosmuseet. Det var ei veldig kul oppleving, fortel Østli.

Ertresvåg hugsar den siste natta i teltet som det beste ved turen.

– Då visste me at no hadde me klart å gå heile Flyktningeruta, seier han.

Foto: Privat

Også krigshistoria gjorde turen interessant. Særleg var det kjekt å sjå Milorghula der motstands­rørsla gøymde våpen og ammunisjon.

– Me lærte mykje historie undervegs, fortel Ertresvåg.

Viktig å øva

Østli meiner at alle burde få oppleva ein tur som den dei to kompisane har gått. Men når ein skal leggja ut på langtur er det viktig med mykje trening. Ein kan byrja med å gå kortare turar og så gradvis byggja seg opp.

Sjølv dei største byrja kanskje med telt i hagen

Gutane føreslår at ein til dømes kan øva på å laga mat på primus eller slå opp telt i hagen.

– Alle startar ein stad. Sjølv dei største byrja kanskje med telt i hagen, påpeikar Ertresvåg.

– Det er lurt å vera open for gode tips og hjelp.

Jonatan Witnes Ertresvåg og Per Castracane Østli er i alle fall sikre på at dei to skal ut på fleire turar.


Fakta: Grenselosane

Dei som hjelpte flyktningar frå Noreg over til Sverige under den andre verdskrigen blei kalla grenselosar.

Ein reknar med at over 1000 personar verka som grenselos i løpet av krigsåra.

Å vera grenselos kunne vera farleg arbeid. Fleire grenselosar blei tekne til fange og avretta.

Kjelde: Store norske leksikon