Tal frå ei undersøking av Ipsos, på initiativ frå Norsk Friluftsliv, viser at 52 prosent av dei mellom 15 og 24 år opplever at sosiale medium inspirerer dei til å gå tur eller anna friluftsliv.
Instragram er den største inspirasjonskjelda, men òg Facebook, Snapchat og TikTok blir nemnde.
Samstundes som 1 av 2 unge blir motiverte til tur av sosiale medium, blir fleire eldre også inspirerte til tur gjennom Facebook og Instagram, skriv Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.
– Ingenting er betre enn om skjermane vi brukar så mykje tid framfor, også kan motivere folk til å kome seg opp av sofaen og ut i naturen, seier generalsekretær Bente Lier.
- Skal du kjøpe friluftsutstyr brukt? Anten det er sovepose, telt eller ski – her får du lista over kva du bør sjekke!
Vil du verte meir friluftsvand? Her er tipsa frå eventyrarane!
