Subwoolfer prøver seg med ny låt – og ny frukt
Temaet for Subwoolfers nye låttekst tek for seg den pelskledde ferskenen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den norske Melodi Grand Prix-vinnaren slapp fredag låten «Melocoton (The Donka Donk Song)», som altså følgjer etter «Give That Wolf A Banana».
Sjå musikkvideoen her:
Eurovision-bidraget har ifølgje plateselskapet pådrege seg 20 millionar streams i kjølvatnet av konkurransen, og etterspurnad etter ny musikk frå Subwoolfer blir skildra som «skyhøg», i alle fall blant fansen.
«Give That Wolf A Banana» var på Topp 10-listene både her heime og i Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Sverige og Ukraina, og Topp 50 i endå fleire land.
– Det er på tide å rette blikket mot ei mindre kjend frukt, nemleg Melocoton, betre kjent som fersken. Sjølv om ho ikkje vil redde bestemora di på same måte som ei banan ville ha gjort, er det eit viktig steg i Subwoolfers utforsking og forståing av planeten de menneske kallar jorda, seier den ulvemaskerte duoen om den nye låten – som også har ein sommarleg musikkvideo.