Skeiv Ungdom avlyser årets sommarleir

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med omsyn til situasjonen slik den står no, ser vi det som uforsvarleg å organisera sommarleir, seier påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Gipling Bonsaksen til VG.

Over hundre deltakarar i alderen 13–23 år var meldt på sommarleiren som skulle arrangerast i Østfold 11.–17. juli.

– Me synest det er ekstremt kjipt å avlysa sommarleiren. Det er noko mange har gledd seg til no, seier Bonsaksen til VG.

Ingen konkret trussel

I etterkant av den dødelege skytinga mot personar som var samla i samband med Pride-feiring i Oslo, har fleire planlagde Pride-arrangement vorte avlyst.

VG melder at Politiets tryggingsteneste (PST) onsdag senka det nasjonale trusselnivået frå nivå fem (høgste) til nivå fire (høgt). Politiet har sikta gjerningsmannen Zaniar Matapour for terror og har framleis nasjonal væpning.

Etter angrepet fortalde Bonsaksen til Framtida.no at både organisasjonen og enkeltmedlemmar opplevd å få hatefulle meldingar både i kommentarfelt, innboksar i sosiale medium og på e-post.

Til VG avkreftar Bonsaksen at avgjerda om å avlysa kjem av ein konkret trugsel mot sommarleiren.

– Me har ikkje motteke noko konkret trugsel. Me har ikkje kapasitet til å halde i både krisehandteringa og leir, seier Bonsaksen til VG.

Les også: LNU: – Eit felles ansvar for å støtte dei av oss som er skeive, og stå opp mot hets, hat og vald

Leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Margrete Bjørge Katanasho. Foto:
Sverre Øygarden Eikill, LNU