I dag les forfattaren helst sakprosa, men som tenåring gjorde The Perks of Being a Wallflower inntrykk.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg skulle ynskje eg var så god som Anne Bitsch og at eg kunne ha skrive Brorskapet, skriv Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen på e-post til Framtida.no.
I Brorskapet tek Anne Bitsch føre seg drapet på Benjamin Hermansen 26. januar 2001 og det nynazistiske miljøet i Noreg som gjerningspersonane høyrde til.
Sjølv er Knudsen både samfunnsdebattant og forfattar, og debuterte i år med si første bok: Det er personlig. Om rasisme og ytringsfrihet. Framtida.no sin meldar meinte boka er ei som gjer lesaren klokare.
Til vanleg er 25-åringen tilsett som rådgjevar i tenketanken Minotenk, noko som inneber at ho les mange fagbøker. Utanom det anslår ho at ho rekk 10 bøker i året.
Framtida.no har kika i bokhylla til forfattaren:
Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Ein lykkeleg slutt av Maren Uthaug.
Kva bøker les du helst?
– Sakprosa.

Kor les du?
– Heime i stova.
Kva bøker vart lesne til deg som liten?
– Mamma las mykje Anne-Cath. Vestly til meg som liten.

Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo Bymuseum/CC BY SA 2.0
Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
– Då må eg nok tilbake til The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky.

Omslag: Cappelen Damm
Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Han er godt anerkjend, men eg kunne ynskje at fleire hadde lese Orientalism av Edward Said!
Kva meiner du gjer ei bok god?
– Å seie noko viktig samtidig som ein har godt språk som flyt. Så enkelt, men så vanskeleg.
Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Vigdis Hjorth – det hadde vore interessant trur eg!

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Tore Renberg!
Kven skulle fått hovudrolla i ein film eller teateroppsetting av ditt liv?
– Rihanna hadde passa godt, haha!

Lisa Esohel Ogbeibor Knudsen
Alder: 25
Frå: Bergen
Utdanning: 2 år med samanliknande politikk ved UiB før eg droppa ut og flytta til Oslo
Yrke: Rådgjevar i Minotenk og forfattar