Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar at eg var bekymra for framtida og at eg hadde svært lite tru på at eg som var så distre og surrete ville klara meg noko særleg bra. Eg hadde stor prestasjonsangst.

Det skriv Eli Kari Gjengedal i ein e-post til Framtida.no. 51-åringen har gjennom mange år som vêrmeldar på skjermen vorte eit kjent fjes for norske TV-sjåarar og fekk i 2018 Kringkastingsprisen for framifrå bruk av nynorsk og dialekt i det daglege virket sitt.

Barnepass og Oslo-turar

Som 20-åring var Eli Kari Gjengedal på farten til å flytte frå Leikanger til Bergen.

– Det sterkaste minnet var at eg flytta heimanfrå. Det var ei stor utfordring for meg. Eg var så redd for vaksenlivet og at eg ikkje skulle klare meg. Men det gjekk jo bra 🙂

Gjengedal hadde fått seg jobb i ein familiebarnehage i Blomsterdalen i Fana og flytta for seg sjølv og storkoste seg på jobb med ungane i barnehagen.

– Vi leika og koste oss på dagane. Dei var nokre herlege rakkarar, så eg kjeda meg aldri på jobb. På kveldane laga eg meg ein eigen liten business med å sitte barnevakt rundt omkring og tente meg ekstra pengar, så eg kunne dra til venninnene mine som studerte i Oslo i helgane. Du og du så mykje moro vi hadde det på byen i Oslo, minnast 51-åringen.

Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal vart hylla med kake og lovord på TV 2-kontoret. Foto: Ronald Toppe / Scary weather

Usikker på studieval

Systrendingen visste allereie då at ho hadde lyst å jobbe med noko som hadde med klima, miljø og berekraft å gjera. Men ho visste ikkje heilt kva studie som ville gje best utteljing, difor valde ho å jobba to år før ho starta på ingeniørstudiet innan aqua og miljø på konstruksjon og prosess.

– Eg hadde ikkje peiling på kva eg hadde lyst å studere så eg trong eit par år i arbeidslivet før eg bestemde meg. Det einaste eg visste var at eg ville ut i verda og bu i ein by. Eg valde meg Bergen, for eg var ikkje tøffare enn at eg ville kome meg enkelt heim til mamma og pappa om det brann på dass. Så Vestlandets hovudstad var perfekt for meg.

Den viktigaste personen i livet til Eli Kari det året var storesøstera, som budde i same by og fekk ho gjennom det fyrste året heimanfrå.

– Eg var både engsteleg og sleit med angst, så ho var mi største støtte i livet.

Eli Kari Gjengedal trivst godt i Bergen. Foto: MAO YUQING, Unsplash.com

Urolege tider i verda

Gjengedal minnast at 1990 var året då Saddam Hussein invaderte Kuwait og golfkrigen var i gang.

– Det var urolege tider i verda. Det gjorde at eg var mykje bekymra for framtida. Eg hugsar også at den hausten eg flytte til Bergen, regna det tre månader i strekk i Bergen og at kong Olav døydde. Det var så useieleg trist, seier Gjengedal, som òg har mange lystige minner frå året.

Ho fekk med seg ikkje mindre enn to konsertar med The September When. Ein av dei var på Glopperock, der òg barne-tv-hunden Labbetuss var ein del av line-upen. I publikum stod Gjengedal med sin frikete batikk-stil.

– Eg gjekk rundt i fargerike sigøynarskjørt og pologensarar med svææææære tøyøyredobbar i øyra 🙂 Rasande festleg stil, minnast Gjengedal.

Kneippbrød til fem kroner

Via studentradioen, der ho både lytta og var engasjert, snappa den ferske studenten opp mange triks for å spara pengar

– Eg hugsar også at R.E.M. vart kjempepoppis og at eg høyrde på Losing my Religion når eg var på jobb på studentradioen, og lærde meg at mais i kvit saus med makaroni var kanskje den billegaste middagen ein kunne laga på studentbudsjett. Oooog kneippbrødet kosta 5 kroner på nærbutikken.

Sjølve 20-årsdagen vart feira heime på Leikanger, der ho fekk champagne og krystallglas med stett i gåve.

– Me fekk alltid speilegg og kakao på senga når det var bursdag, og heile familien stod ved senga mi med lys og flagg og song bursdagsangen. Eg pakka opp krystallglasa på senga med speilegg i munnen. Dei glasa har eg endå, berre med litt svinn.

Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring, trur Gjengedal at ho hadde tenkt: «for ei snill, rar og skjør jente frå bygda, ho må vi få tøffa litt opp».

Og skulle ho gjeve eitt råd til seg sjølv, så hadde det utan tvil vorte eit «Ikkje ver så redd for livet, Eli Kari, det går bra til slutt!»


Les om kva andre kjendisar gjorde då dei var 20, her. Der kan du mellom anna møte Sanna Sarromaa, som slutta på p-pillar fordi ho ville ha barn.

Sanna Sarromaa fotografert som 19-åring (t.v) og eit ferskt bilete frå stamkafeen der ho arbeider med si siste bok. Foto: Privat